JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kvitlauk

All kvitlauk kjem frå Kina. Heldigvis kan grøn lauk smake like kvitt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Du plukkar eit årsforbruk ramslauk på nokre minutt, men litt jobb står att når du kjem heim.

Foto: Wikimedia Commons

3563
20170421
3563
20170421

Norskprodusert lauk kjem i mange fargar – i alle fall raud, gul og grøn. Han kan vere stor og rund, liten og spiss eller lang og tynn med hol i midten. Berre ikkje kvit og delt opp i fedd: Norskprodusert kvitlauk er nærast ikkje å få tak i.

Kvifor produserer vi ikkje kvitlauk i Noreg? Fordi vi ikkje har tollvern på kvitlauk. Kvifor har vi ikkje tollvern på kvitlauk? Fordi vi ikkje produserer kvitlauk. Nett så idiotisk er faktisk verda nett i dette høvet. Difor avslørte tollarar i 2010 ein liga som smugla kvitlauk frå Noreg til EU. For EU produserer kvitlauk, og difor har dei toll på import.

Det landet som produserer mest kvitlauk, er Kina. Og då tenkjer eg ikkje på det som kan verte omtala som kinesisk kvitlauk, nemleg kvitlauk utan fedd. I praksis kjem all kvitlauk frå Kina. Kina står for 70–80 prosent av den globale produksjonen, og er såleis einerådande på verdsmarknaden. Finanspressa elskar å bruke overskrifter som «Dersom Kina hostar, vert verda forkjøla». Men er det noko gale med det, då?

Kor mykje er gale?

Om ein lener seg mot internettet, er det lett å få inntrykk av at det er mykje som er gale. Nyheitene om at kvitlauk frå Kina er full av forbodne plantevernmiddel, at han vert dyrka direkte i ureinsa menneskjegjødsel og at han i etterkant er bleika kvit, vert kasta mot meg. Det fyrste som slår meg er at om det vert brukt så mykje klor som artiklane påstår, trur eg det spelar mindre rolle kva dyrkingsmiddel laukane ein gong har stått i. Det andre er at å få næringsstoffa frå menneskegjødsla attende i krinslaupet må vere ein god ting.

At kinesisk kvitlauk er bleika kvit med klor, er ein gamal myte som er vanskeleg å få stadfesta, men òg vanskeleg å få avkrefta, noko som ikkje er uvanleg i dette uoversiktlege landet. Organisasjonen for australske kvitlauksprodusentar hevdar at kinesisk kvitlauk er handsama med gammastråling for å hindre spiring, men dei er knappast heilt ugilde. Det vert òg hevda kinesarar brukar plantevernmiddel som er forbodne i resten av verda.

Og slik kan ein halde på å leite og lure og ikkje verte særleg mykje klokare på kva som skjer i resten av verda. Det alle er samde om, er at Kina produserer kvitlauk frykteleg billeg. Når sjølv grønsaksprodusentgiganten California gjev opp konkurransen med billeg, kinesisk kvitlauk, skal det kanskje noko til at sjølv norsk tollvern skal klare å halde varene vekke.

Gleda av å hauste utan å ha sådd

Samstundes har ein i desse dagar høve til å hauste smaken av kvitlauken rett utanfor mange stovedører – utan ein gong å ha sådd. Ramslauk vert gjerne kalla nordisk kvitlauk. Han er fleirårig, veksevillig og vill langs store delar av kysten. Kanskje har du gått tur ein gong og tenkt at «det kan då ikkje lukte kvitlauk her, så langt frå folk» – då er det ramslauk du har gått forbi. Dei grøne blada veks gjerne i vegkanten, skogen eller fjæra, og så lenge du ikkje er sylta forkjøla, kan du ikkje ta feil. Storleiken på blada gjer at du plukkar eit årsforbruk på nokre minutt. Men litt jobb står att når du kjem heim: enten køyre dei i kjøkkenmaskin med olje til pesto, tørke dei eller fryse dei.

Høyres det slitsamt ut, eller er kysten langt unna, er det ramslauk å få kjøpt fiks ferdig foredla. Søk på nettet eller spør i butikken.

Av og til er graset grønast på vår eiga side av grensegjerdet.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvifor produserer vi ikkje kvitlauk i Noreg? Fordi vi ikkje har tollvern på kvitlauk. Kvifor har vi ikkje tollvern på kvitlauk? Fordi vi ikkje produserer kvitlauk.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis