Frå historia
Kviledagen
Høyberging på ein søndag var uhøyrt før i tida. Her er ein bonde med høylass fotografert på E18 i 1969.
Foto: Per Ervik / Sktuell / NTB
Mosebøkene, med sine forteljingar om korleis alt vart til, har verka formande på tru, tanke og liv i vår historie og kultur.
Gud skapte verda, alt som er, på seks dagar. Sjuande dagen kvilte han, etter slikt storarbeid. Dermed kom han til å setje ei norm for ettertida. Kviledagen var komen inn i historia, den sjuande dagen etter ei arbeidsveke på seks dagar.
Då han gav steintavlene med dei ti bodorda til Moses på Sinai, reserverte han dei tre første boda for seg og sitt. Andre gudar ville han ikkje vite av. Misbruk av hans namn ville han ikkje tole. Og ein dag i veka skulle vere heilag, som hans dag.
Først i dei sju siste boda gav han pålegg om menneskelivet, om familieliv, om drap, hor og grannens gods og kone, og alt det andre menneska har for seg.
Mosebøkene gav mange reglar om kviledagen, eller sabbaten, som dei kallar han. Reglane var detaljerte og strenge, kva ein kunne gjere eller ikkje gjere, og både Matteus og Johannes fortel i evangelia sine at Kristus sjølv demonstrativt braut slike rigide reglar.
I dagens Israel er det ein stendig politisk strid om kva ein kan gjere på sabbaten. Kan bussane gå? Kan kafeane vere opne?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.