Frå matfatet

Kveite

Eit lite korn kan få ei stor verd til å skjelve.

To små strå, med små korn på, må ned i jorda gå, og fleire folder få, så dei vert mat til fleir enn få.
To små strå, med små korn på, må ned i jorda gå, og fleire folder få, så dei vert mat til fleir enn få.To små strå, med små korn på, må ned i jorda gå, og fleire folder få, så dei vert mat til fleir enn få.
Publisert

Førre veke skaka India verda litt. Seks prosent auke i prisane på kveite høyrest kanskje ikkje så mykje ut. Men når bakgrunnen er at eit land som eigentleg ikkje plar eksportere kveite, kunngjer at dei ikkje kjem til å gjere det i år heller, seier det noko om kor viktig kveite er for matforsyninga i verda, og kor sårbar den same forsyninga er, nett no for tida.

Lat oss starte med starten. India er verdas nest største kveiteprodusent og har vore det i fleire år. Deira kring 110 millionar tonn årleg vert berre slått av Kinas rundt 130 millionar tonn. EU snik seg rett nok imellom med ein samla produksjon nærast på linje med Kina – men dei består jo framleis av fleire land.

Likevel skreiv eg for berre eit par avsnitt sidan at India til nyleg har vore ein ubetydeleg kveiteeksportør. Og det stemmer faktisk: Det bur rett og slett så mange indarar i India og dei er så glade i å ete kveite at landet har trunge alle kveitekorna sine sjølv.

Det er berre dei siste få åra landet har produsert så mykje kveite at dei har hatt noko å dele med resten av verda. I fjor sende indarane kring 10 millionar tonn kveite ut i verda, og i år hadde dei eigentleg lova endå meir: «Vi har alt nok mat til vårt folk, men bøndene våre har visst planlagt å fø verda», uttalte statsminister Narendra Modi i ei pressemelding så seint som i april.

Dei mette er svoltne

Dersom India hadde levert den planlagde eksporten på 12 millionar tonn, ville dei vorte den åttande største kveiteeksportøren i verda. No kjem truleg ikkje det til å skje. Årsaka er todelt: For det fyrste har ein ekstrem tørke ført til mindre avlingar. For det andre fører høge verdsmarknadsprisar til at India ikkje klarar å halde innanlandsprisane så låge som dei har vedteke at dei skal vere, og difor vil dei ikkje presse prisane endå meir ved å redusere tilgangen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement