JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kvarg

Ikkje alltid det det ser ut som.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kvarg er ferskost, ikkje berre i Noreg. Her er ei tysk utgåve.

Foto: Wikimedia

3944
20181005
3944
20181005

Kva er eigentleg ein ost? Det har openbert noko med mjølk å gjere, men mjølka kan kome frå ku, geit, sau, bøffel, kamel, rein eller andre dyr – og kvar mjølk har ulike eigenskapar. Så må mjølka gjerne tjukne på eit eller anna vis – gjerne ved hjelp av ei syre, ein bakterie eller eit enzym. Sidan det finst millionar av bakteriar og sikkert like mange syrer og enzym, og i tillegg ganske mange soppar som spelar inn, seier det seg sjølv at det ikkje er heilt enkelt å definere kva ein ost er.

Slik er det i heile meieriverda: Mangfaldet er stort. Ofte er det lettare å seie kva noko ikkje er, enn kva det er.

Som når Synnøve Finden hevdar at boksen deira med Kvarg «ligner på yoghurt». Då er det ganske greitt å slå fast at produktet ikkje er yoghurt (yoghurt er forresten blant dei strengast definerte meieriprodukta – berre to konkrete bakteriekulturar skal nyttast). Det same kjem for så vidt fram i namnet: Produktet er kvarg, og kvarg er ein ferskost.

Korleis eg veit det? Jau, fordi kvarg er produsert ved hjelp av løype. Løype er ei samling enzym – hovudsakleg chymosin og pepsin – som kalven har i løypemagen (jau då, det kjem namnet av) så lenge han drikk mjølk. Då brukar han enzyma til å fordøye mjølka. Chymosin får mjølk til å «breste» – osteproteina samlar seg, tek med seg ein del av feittet, skvisar ut laktosen (mjølkesukkeret) og det meste av vatnet og dannar ostemasse.

Og sjølv om ikkje all ost er bresta med løype, må det vere lov å seie at alt som er bresta med løype, er ost – inkludert kvarg. Sidan ostemassen som utgjer kvarg, ikkje er modna, seier vi at det er ein ferskost.

Kopikatten Rema

Det vil ikkje seie at kvarg ikkje kan blandast med frukt og bær og etast med skei på same måte som ein elles ville ete ein yoghurt, altså. Nett det er det Synnøve Finden har gjort. Ja, dei har til og med gjort det i fleire variantar som vert selde rett ved sida av kvarandre hos Rema 1000 for tida: To variantar som vert selde under merkenamnet Synnøve Finden, ein med blåbær og ein med jordbær og markjordbær – og to variantar som vert selde under merkenamnet Meieriet. Jammen er ikkje dei to òg å få kjøpt i smaksvariasjonane blåbær eller jordbær.

Meieriet er Rema 1000s nye satsing på eigne merkevarer, lansert i juli i år. Ost og andre meieriprodukt, produserte av Synnøve Finden, står side om side med Synnøve Findens eigne produkt. Meieriets Fyldig Gouda liknar til forveksling på Synnøve Findens Norske Gouda. Meieriets Luftig Gulost har meir enn berre litt til felles med Synnøve Findens Småhullost. Synnøve Finden sel Norsk Mozarella, det same gjer Meieriet – berre til litt lågare prisar, noko som er bitte litt rart all den tid Rema 1000 (eller Meieriet) her jo utgjer eit ekstra ledd i kjeda: Osten eksisterer allereie. Synnøve Finden må administrere dei ulike pakningane, og Rema 1000 plasseringa av dei ulike produkta i hyllene. Ei sannsynleg årsak er at Rema har mindre profitt på Meieri-ostane enn på Synnøve Finden-ostane. Sjølv om det òg er litt rart: Kvifor lage ei merkevare ein ikkje tener pengar på?

Litt meir blåbær

Attende til kvargen. Ein 150 grams boks Meieriet Kvarg blåbær kostar 15 kroner. Ein like stor boks frå Synnøve Finden kostar 18,40. Er det nokon skilnad?

Akkurat her er det faktisk det: Meieriets utgåve har blåbæra blanda inn. Varianten frå Synnøve Finden er med blåbærsyltetøy i botnen og kvarg øvst. I det minste var han nok det då han forlét fabrikken – før eg rekk opne boksen, har ingrediensane blanda seg. Men her er òg ein aldri så liten smaksskilnad: Der Meieriets kvarg ikkje smakar anna enn syntetisk, gjev dei tre kroner og førti ørene eg spanderer ekstra på Synnøve Finden, ein viss blåbærsmak.

Smaksskilnaden gjer valet lett: Kjøper eg Meieriets blåbærkvarg? Nei takk, eg finn fleire blåbær hjå Synnøve Finden.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjølv om ikkje all ost

er bresta med løype,

må det vere lov å

seie at alt som er

bresta med løype,

er ost.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis