JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kva gjer vi med Lenin?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vladimir Lenins Sovjetunion kom inn i det internasjonale samfunnet 1921, då britane braut blokaden.

4292
20171215
4292
20171215

Utanrikspolitikk er eit rot. Bitre fiendar kan bli allierte, og allierte kan bli bitre fiendar. England og Frankrike er tradisjonelle fiendar i Europa gjennom hundreåra. I førre hundreåret var dei allierte mot Tyskland. Churchill hata kommunismen. Han var ein av dei som stod bak den engelske intervensjonen i Russland etter den kommunistiske revolusjonen i 1917. I det store oppgjeret med Hitler var dei allierte – på same side. Problemfritt var det rettnok ikkje då heller.

Då Churchill vart sjikanert for denne merkelege alliansen i Parlamentet, svara han med å hevde at om Hitler hadde invadert Helvete, ville han ha lagt inn eit godt ord for djevelen i Parlamentet. Ein fekk ikkje vere for prippen i val av allierte.

Då han skulle på si første ferd til Moskva for å møte den gamle fienden Josef Stalin for første gong, var han plaga ved tanken på kva Stalin ville seie om rolla hans i intervensjonskrigane. Utpå natta, blir det fortalt, tok han spørsmålet opp med Stalin. «Det tilhøyrer fortida, og fortida tilhøyrer Gud», skal den gamle prestestudenten Josef Dsjugasvili, Stalin, ha svara. Fortida skulle ikkje plage den nødvendige alliansen.

Revolusjonen i Russland i 1917 var ei sjokkerande hending som kom til å prege resten av hundreåret. Kommunismens spøkelse går over Europa, skreiv Karl Marx i Det kommunistiske manifestet i 1848. Dette spøkelset skremde mange i åra etter 1848. Og no hadde spøkelset fått kjøtt og blod. Og meir enn det: Spøkelset hadde som klårt program å destabilisere andre europeiske statar, å innføre kommunismen som styringsform der også. Og meir enn det: I dei fleste europeiske landa var det sterke politiske rørsler som delte tankane til bolsjevikane i Russland, og som gjerne ville støtte ein revolusjon i eige land.

Europa skalv. Svaret vart boikott, ikkje å godkjenne det nye regimet som lovleg regjering. Ententemaktene – sigerherrane frå verdskrigen – valde denne vegen. Og då måtte småstatane, som Noreg, stort sett følgje etter. Det var ikkje lett.

Noreg valde å ha ein legasjon i Petrograd, som byen då heitte. Legasjonen skulle ta hand om nødvendige norske interesser utan å drive verksemda så langt at ho kom til å innebere ei de facto-godkjenning av de nye regimet. Ei slik godkjenning ville ikkje bli akseptert av dei vestlege stormaktene. Odd-Bjørn Fure skriv om desse problema i verket om norsk utanrikspolitisk historie. Legasjonen måtte «foreta en vanskelig balansegang», skriv han, mellom det som burde gjerast av nødvendig arbeid, og dei tronge rammene ententemaktene og den norske regjeringa sette. Den norske sendemannen klaga heimover. Å samarbeide med ententemaktene var uråd, sa han, ettersom dei i det heile ikkje ville ha noko med det nye regimet å gjere. Oppgåvene var umogelege, fordi han var «avskaaret fra at tre i forbindelse med det nuværende styre, da et saadant skridt vilde av det diplomatiske korps, især ententens representanter, betraktes som en ukollegial handling».

Revolusjonen var eit kaos, som revolusjonar ofte er. Ambassadørar og sendemenn drog frå Petrograd og til dei britiske intervensjonsstyrkane i Nord-Russland. Det var det inga framtid i, og snart var dei fleste reiste ut av landet. Berre skandinavane var att. I november 1918 representerte den norske legasjonen 18 land, som alle hadde tatt representantane sine heim. I november 1918 reiste også nordmennene heim. Berre danskane vart att.

Konflikten vart trappa opp. Ententemaktene bad i 1919 alle nøytrale land om boikott og blokade av det nye regimet. I Noreg var dette innarikspolitikk. Arbeidarrørsla ville ha full normalisering. Andre ville avgrense forholdet til ein handelsavtale. Om dette stod det strid.

I 1920 kom det til brot i handelsforhandlingane mellom Noreg og Sovjetunionen. Dei fekk ikkje eingong til rammer for samhandel.

Det var éi stormakt, England, som kom til å løyse denne gordiske knuten. Den 16. mars 1921 skreiv England og Sovjetsamveldet under ein mellombels handelsavtale, noko som var ei de facto-godkjenning av Lenins regime. Ei av stormaktene hadde brote blokaden og boikotten. Lenins Sovjetunion var komen inn i det internasjonale samfunnet.

Den 2. september 1921 skreiv Noreg og Sovjetunionen under ein førebels handelsavtale. Forholdet mellom dei to landa var normalisert.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis