Frå matfatet
Kortreist lokalmat
Ikkje alt som er lite, er kort – og ikkje alt vert lokalt av å vere nærare enn noko anna.
Lokalmat er i vekst, og nokon vil profitere på det. Men kven skal få nytte namnet?
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Så får vi henne endeleg: rettssaka som utfordrar kva som kan kallast kortreist – eller lokalprodusert – mat. Merkevareleverandøren (ja, det er det dei kallar seg sjølv) Orkla har nemleg saksøkt sjømatprodusenten Lofotprodukt for å bruke ordet «kortreist» i marknadsføringa av sin variant av makrell i tomat.
Orkla meiner at pelagisk makrell, fanga over store område, blanda med tomatsaus frå Portugal på ein fabrikk på Sunnmøre og seinare transportert hundrevis av mil til heile Noreg, ikkje kan vere kortreist.
Lofotprodukt meiner på si side at deira makrell i tomat er meir kortreist enn Orklas variant, som vi kjenner som Stabburet: Han er nemleg produsert i Sverige på svensk makrell.
Kven har rett? Målt i mil ligg fabrikken i Sverige truleg nærare mange nordmenn enn fabrikken på Sunnmøre. Men handlar kortreist mat verkeleg berre om kilometer langs ein veg?
Lokalmat
Kva er eigentleg kortreist mat? Mellom anna er det eit omgrep matsertifiseringsnæringa ynskjer å fase ut: Alt i 2015 gjekk leiar for Stiftinga Matmerk, Nina Sundquist, ut i Nationen og sa «Nei til kortreist mat» fordi det i eit så «langt og krøkkete» land som Noreg er vanskeleg å definere kor langt kortreist mat kan reise før han vert langreist. Ho oppmoda oss til heller å bruke lokalmat – eit omgrep som har ein definisjon: Lokalmat er «mat og drikkeprodukter med en lokal identitet/ særegen opprinnelse eller spesielle kvaliteter knyttet til produksjonsmetode, tradisjon eller produkthistorie».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.