Frå matfatet

Kor grovt er eit 100 prosent grovt brød?

Det burde jo vere lett, tenkjer du sikkert: Det er jo heilt grovt, det, og 100 prosent tyder at alt mjøl i det brødet er grovt.

Firkanta eller rundt, stort eller lite, mørkt eller lyst: Brød kan vere så mangt, men det bør vere ærleg.
Firkanta eller rundt, stort eller lite, mørkt eller lyst: Brød kan vere så mangt, men det bør vere ærleg.
Publisert Sist oppdatert

Om du bakar brød sjølv, lèt du kanskje tankane ta ein sving kring det at å bake brød med berre grovt mjøl ikkje er det lettaste. Grovt mjøl har nemleg mindre glutenprotein enn fint mjøl, og det er nettverket av gluten som gjer at brød hever seg fint. Men men, tenker du kan hende vidare, dei hadde vel ikkje skrive 100 prosent på brødposen – og fått fire av fire kakestykke i merkeordninga Brødskalaen – om det ikkje stemte?

Fire kaker

Kjenner du til Brødskalaen? Du har temmeleg sikkert sett det kakestykkeforma vesle merket der enten ein, to, tre eller alle fire kakestykka er svarte. Merkeordninga er frivillig, men offisiell, og vert eigd og forvalta av Baker- og Konditorbransjens Landsforening (BKLF). Målet er å gjere det enkelt for oss forbrukarar å vite kor grovt brødet vi kjøper, er: di svartare kake, di grovare brød.

Men er det så enkelt? Dei fire kategoriane for grovleik verkar greie nok: 0–25,9 prosent grovt tyder fint brød, 26–50,9 prosent er halvgrovt, 51–75,9 prosent er grovt, og 76–100 prosent gjev ekstra grovt brød, ifylgje oversikta hjå BKLF. Under kakestykket står det i tillegg skrive nøyaktig kor grovt brødet er.

Brødet eg står med i handa no, og som gjer at eg klør meg i hovudet, er Funkygine Proteinbrød, produsert av Bakehuset, som er bakeriet til Norgesgruppen. På framsida av brødposen står det klart og tydeleg «100%» – altså 100 prosent grovt brød. Men like sikkert står det på baksida at hovudingrediensen i dette brødet – etter vatn – er kveitegluten.

Om du lurer: Kveitegluten er ikkje fullkorn. Kveitegluten er vel om lag det motsette av fullkorn – laga som det er ved å vaske kveitemjøl fritt for alle former for stivelse og fiber til ein sit att med ein seig, smaklaus, men stabil proteinmasse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement