Frå historia
Kompetanseheving
Sveitsarane viste oss at fjøsarbeid og mjølkestell også var arbeid for karfolk, ikkje berre for kvinnfolk. Difor kallar vi på norsk ein fjøsrøktar for sveiser.
Foto: Lasse Thorseth
Kompetanseheving er eit av favorittorda i dagens politiske debatt. Alle er for kompetanseheving. Det er moderne å vere for kompetanseheving.
Men det å heve kompetansen, å bli flinkare, eller flinkast, i det ein held på med, er like gammalt som menneskehistoria. Den smeden som laga dei beste flintøksene fekk meir kjøt og annan mat enn dei andre. Moseboka fortel at luringen Jakob forstod seg betre på avlsarbeid enn svigerfaren Laban. Det var nyttig kunnskap som gjorde Jakob rik.
Tida rundt 1850 var ei dramatisk tid for norsk jordbruk. Krimkrigen var slutt, og kornmarknaden i Russland og Ukraina var opna, samtidig som jernbanen opna vegen for korn frå den amerikanske prærien. Frihandel var rådande lære, og billeg korn fløymde inn over landet og tynte norsk korndyrking.
Det norske jordbruket vart eit husdyrjordbruk, som det framleis er. Mjølka fløymde frå veksande kuflokkar. Det måtte skapast og ordnast eit apparat og ein marknad for å handtere all denne mjølka. Teknologien, separatoren kom til hjelp, og meieria var i ferd med å bryte seg inn i norsk historie.
Men kunnskapen var der ikkje. Han måtte skaffast.
Sveits hadde eit velutvikla system for mjølkehandtering. Sveitsarane vart inviterte for å hjelpe til. Og dei kom. Det kom ti og fleire for året. Eit år melde det seg 44 sveitsarar som ville til Noreg, men ti av dei trekte seg fordi det vart sagt at det var så ille å leve i Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.