Kokosolje
Sånn skikkeleg midt på treet.
Frå kokosnøtt til kokosolje i liten skala.
Foto: Amol Naik / Wikipedia
Kokosolje. Er ikkje det fyrst og fremst åttitalet – nærare bestemt sol på åttitalet? Tenk bikiniar med høg skjering, stripete solsenger, palmer (plast eller ekte) – og ei flaske sololje. Vi trudde vi kunne brune oss til lykke, og kokosolje var det viktigaste hjelpemiddelet på vegen.
Det trur vi ikkje lenger. Soling er ut. Skadeleg. Ja, beint ut giftig og dødeleg. No skal vi i staden ete oss til lykke, men jammen har ikkje kokosoljen snike seg inn der òg.
«Kokosolje har blitt kalt ‘helsens gull’», skriv helsekostkjeda Life: «kan brukes til alt fra å styrke immunforsvaret, beskytte lever, som hårkur og til pannekakesteking». Konkurrenten Sunkost hevdar at kokosolje «er blitt kjent som et mirakelprodukt, som kan brukes til alt!».
Igjen må vi til med ein liten røyndomssjekk: Det finst verken mirakel eller mirakelprodukt, og å bruke noko til alt er sjeldan sunt. Kokosolje har nok ikkje berga mange liv. Men har det tatt nokon?
Giftig professor
Når ein Harvard-professor får stå på store scener og halde foredrag som vert lagde ut på Youtube og er sett 1,4 millionar gongar, og hevde at kokosolje er «rein gift», slik Dr. Karin Michels gjorde på universitetet i Freiburg nyleg, då har noko gått for langt igjen – andre vegen. For kokosolje er openbert ikkje gift. Menneske ved Stillehavet har kokos som viktigaste feittkjelde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.