Klimavenleg mat
Er løysinga på klimakrisa ein dehydrert tomat i ein pose?
Klimavenleg: Dette er krydder, meir presist gurkemeie. Men er det slik mat må sjå ut i framtida om vi skal berge klimaet?
Foto: Pixabay
Dette er den vanskelegaste matspalta eg har skrive. Korleis summerer ein opp klimautfordringa ved matproduksjonen i verda på berre tre avisspalter?
Vel, eg har det i det minste lettare enn Toro. Dei har nemleg sett seg føre å oppsummere klimaavtrykket av matvarene dei produserer i eit einaste lite stempel på pakningen.
«Klimamerke for mat», kallar dei det. Den statlege, svenske forskingsinstitusjonen Rise har gjort livssyklusanalysar av CO2-utsleppa til alle råvarene Toro brukar i matvareproduksjonen sin. Dei ligg til grunn for å merke produkta – frå veldig lågt til høgt klimaavtrykk.
Merket skal med tid og stunder innførast på alle produkta til Toro, men det tek tid – den Orkla-eigde produsenten har byrja med supper på pose. Det var truleg lurt: Alle suppene som er testa, har hamna i kategorien veldig lågt klimaavtrykk, definert som under eit halvt kilo CO2-ekvivalentar per porsjon.
Klimapillen
Inneber det at Toro og Rise set for låge krav? Truleg ikkje. Når Toro hevdar at produksjon av tomatsuppe på pose gjev 80 prosent lågare klimautslepp enn om ein lagar tomatsuppa sjølv av hermetiske tomatar, er det heilt sikkert sant. Nett det gjer meg likevel mest av alt trist.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.