Klimakur for kjøt
Er det verkeleg lågare matproduksjon som må til for å berge klimaet?
«It’s not the cow, it’s the how», seier dei der desse oksane bur. Er det ikkje kua, men korleis vi menneske held henne, som er problemet?
Foto: Steve Sanchez / AP / The Daily Ledger / NTB scanpix
Gløym statens forslag i jordbruksforhandlingane ein gong i mai. Dokumentet norsk jordbruk verkeleg frykta i år, kom førre fredag: Det var venta at faktagrunnlaget til Klimakur 2030, kuren som skal redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa i Noreg med 50 prosent innan 2030, ville ta jordbruket hardt.
Og det gjorde dei: Å redusere kjøtinntaket er vurdert som tiltaket med desidert størst potensial for å kutte utslepp. Om nordmenn held seg innanfor kosthaldsråda for raudt kjøt, kan ein spare mellom to og åtte millionar tonn CO2. Kostnaden er at 1 million dekar jordbruksland vert lagd brakk.
Er det å kutte matproduksjon vegen å gå i ei verd med stadig fleire munnar å mette?
Kva vi veit i dag
Utrekningane er gjorde på bakgrunn av det vi veit i dag, og slik må det vere: Føre var-prinsippet er basert på at vi handlar før vi veit noko hundre prosent sikkert, nettopp for å vere på den sikre sida. Det må likevel ikkje føre til at det vert noka form for skam å snu: Semja kring klimapåverknad frå drøvtyggarane er truleg mindre enn Klimakur 2030 gjev uttrykk for.
Lat oss bruke NRKs nettside som døme: Førre helg presenterte Line Elvåshagen den nye TV-serien Line fikser maten med ein kommentar der ho mellom anna skriv: «Storfe er en kjent klimaversting, men likevel spiser vi 90 millioner kilo storfe hvert år.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.