Kjøtpålegg
Rettleiande verdiar kan rote oss vekk.
Det er ikkje godt å sjå kva kjøtpålegget inneheld, men kva om det ikkje eingong inneheld det det hevdar å innehalde?
Tel du kaloriar sånn på nyåret? Det kan det finnast både gode og dårlege årsaker til, og eg skal på ingen måte sette meg til herre over teljeprioriteringane dine – bortsett frå ei bitte lita påminning: Like viktig som kor få kaloriar vi et, er kor mykje av dei andre næringsstoffa vi får i oss.
Kaloriar er energi, og det må kroppen vår ha, men dei må ha meir: Dei må ha protein for å bygge musklar, bindevev og skjelett, feitt for å isolere og verne mot støyt, vitamin C for å halde oppe immunforsvar og nervesystem og så bortetter. Over eit dusin ulike næringsstoff bør etast jamleg.
Korleis skal kvar og ein av oss kunne rekne oss fram til kor mykje vi får i oss av kvar og eitt av næringsstoffa? Det enkle svaret er at vi skal ikkje det. Så lenge vi et variert, høveleg mykje og høveleg sunt, får vi i det store og det heile i oss det vi treng av så vel kaloriar som anna.
For dei av oss som likevel vil fylgje litt ekstra med, finst det næringsdeklarasjonar. Om dei er friviljuge for oss, er dei på ingen måte det for produsenten. Merkevareforskrifta slår fast til minste detalj – ja, heilt ned til høgda på bokstavane – korleis ingrediensar og næringsinnhald i emballerte produkt skal merkast.
Som hovudregel står her innhald av energi, feitt, karbohydrat, protein og salt i mengde per 100 gram, 100 milliliter eller per porsjon. Til dømes deklarer First Price Kokt Skinke å innehalde 116 kaloriar, 4,8 gram feitt, 0,9 gram karbohydrat, 0,2 gram kostfiber, 17,2 gram protein og 1,9 gram salt per 100 gram vare.
Globale tabellar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.