Kjøtkaker

Mamma har ikkje einerett på kjøtkaker, men dei ho lagar, bør vere skikkelege.

Kjøtkaker i brun saus, saman med fårikål, toppar statistikken over nasjonalrettar.
Kjøtkaker i brun saus, saman med fårikål, toppar statistikken over nasjonalrettar.
Publisert

På nokre område forandrar vi oss ikkje særleg her i Noreg. Ikkje i dei store linjene, i det minste, for det er dei to same matrettane som toppar nasjonalrettstatistikken både i 1972 og 2014: fårikål og kjøtkaker.

Då har vi gjerne ete kjøtkaker sidan tidenes morgon òg, då, eller? Nja, ikkje heilt. Eller, vi har sikkert hakka kjøt og innvolar fint opp og forma dei til kaker og steikt eller kokt dei, men produkta ville vere eit godt stykke unna det vi i dag kallar kjøtkaker. Kjøtkaker er nemnde i den fyrste norske kokeboka, Karen Dorothea Bangs Huusholdnings-bog indrettet efter den almindelige Brug i Norske Huusholdninger Utgivet ved en Forening av Huusmødre frå 1830, men retten var då ein arbeidskrevjande luksusrett for dei velståande. Hakkinga tok tid, nemleg.

Det verkelege gjennombrotet i kjøtkakeverda kom med kjøtkvernene kring år 1890, om vi skal tru Norges Bygdekvinnelags prosjekt «Den norske kjøttkaka». Enno tok det nokre år før kvernene vart vanlege i kvar ein heim, nokre år som hadde med seg ei anna biologisk nyvinning som påverka kjøtkakehistoria: hermetisering. Å kunne ta ferskt kjøt, steike det eller koke det litt, og pakke det hermetisk tett slik at det heldt seg i månader eller år, var noko heilt nytt. Vekk med salting, speking og røyking, og fram med blikkboksane og glasa med gummistrikk.

Kjøkkenkaker

Med eitt var kjøtkakene trygt plasserte i kjøkkenet til mamma, og der syner butikkhylla mi meg at dei er framleis. Fersk & Ferdig, som er Norgesgruppens EMV-serie med ferdigprodukt, kan i alle høve skilte med Mors tradisjonelle kjøttkaker i brun saus med ertestuing, til ein porsjonspris av rimelege 56 kroner.

Spørsmåla stiller seg i kø: Ville mamma godkjent kjøtkakene til Fersk & Ferdig? Eit kjøtinnhald på 47 prosent er knappast noko å vere stolt av. Særleg ikkje sidan resten av ingrediensane er såpass inkjeseiande som natriumkaseinat (eit salt av osteproteinet kasein), myseproteinkonsentrat, psylliumfiber, maltodekstrin og aroma. Eg trur mange mødrer heller ville kjenne seg forvirra enn stolte av å verte plasserte i ein slik samanheng.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement