Frå matfatet

Kjøtdeig

For enkelte små beist er grensene framleis altfor opne.

Filet og farse: Dei ser så uskuldige ut, der dei ligg, men kven veit kor dei har vore, og ikkje minst kven som har tatt på dei?
Filet og farse: Dei ser så uskuldige ut, der dei ligg, men kven veit kor dei har vore, og ikkje minst kven som har tatt på dei?
Publisert

Jau då. Som om ikkje viruset som aldri tok slutt, ikkje var nok: No har vi fått eit nasjonalt salmonellautbrot òg. Og nett som koronavirusmutasjonane oppstår det ikkje av seg sjølv. Det vert pressa på oss utanfrå. I dette tilfellet handlar det om kjøt importert frå Tyskland – kjøt vidareforedla til karbonade- og kjøtdeig selt i butikkane til Norgesgruppen over heile landet.

Bortsett frå det skal vi kanskje ikkje bruke for mykje tid på å samanlikne dei to situasjonane. Mattilsynet hadde trass alt ikkje registrert fleire enn 22 smitta av salmonella per 11. mars. Men dei 22 er gode døme på kor fort slikt spreier seg: Dei smitta er nemleg busette i Viken, Oslo, Innlandet, Vestfold og Telemark, Agder, Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Nordland. Og ti av dei er lagde inn på sjukehus, noko som svarar til innlegging for 45 prosent av dei smitta. Akkurat der kan koronaen altså berre gå og legge seg.

Langreist trøbbel

OK. Frå spøk til revolver: Kva fortel dette oss? Ganske sikkert eitt og anna og om kva sentralisert nasjonal så vel som grenseopen internasjonal matproduksjon fører til. Lat oss byrje med å lese oss opp på nett denne spesifikke situasjonen.

Karbonadedeigen som inneheld bakterien Salmonella enteritidis var produsert på fabrikken Norfersk i Hærland i Østfold. Norfersk er eit heileigd dotterselskap under samvirkeorganisasjonen Nortura, og allereie her skal vi stille spørsmål: Kvifor driv eit samvirke som har som si viktigaste oppgåve å maksimere inntektene til eigarane – råvareleverandørane, det vil seie bøndene – å importerer kjøt frå Tyskland?

Det korte svaret er truleg at dei gjer det fordi maktbalansen i matvarebransjen er slik at Nortura har etablert og driv Norfersk på oppdrag frå Norgesgruppen, den største av dei tre daglegvarekonserna våre. Ingen Nortura-produkt kjem ut frå Norfersk, der kjem berre Norgesgruppens eigne merkevarer, og karbonadedeigen har vorte merkt med namnet på kjeda han skal seljast i: Spar eller Meny, eller EMV-merket Folkets som vi finn på Kiwi. Sidan karbonadedeigen blir seld på Kiwi, Spar og Meny over heile landet, har smitten fått spreie seg så breitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement