Kjøtdeig i plast
Dobbelt opp er mindre enn halvparten så bra.
Slik kan vi kanskje ikkje kjøpe kjøtdeig. Men kor mykje emballasje er naudsynt?
Foto: Rainer Zenz / Wikimedia Commons
Kva er verst – ei rota gulrot utan plast eller ei frisk og sprø gulrot i altfor mykje plast? Slike meiningslause problemstillingar får vi servert i media med jamne mellomrom. I fjor på desse tider hevda matforskingsinstituttet Nofima at plastemballasje gjev miljøgevinst av di han hjelper oss til ikkje å kaste mat. Prosjektet «Riktig emballering for redusert matsvinn» ville hjelpe oss å hugse på at brokkoli med plast held seg ei veke lenger i kjøleskåpet enn ein utan.
I år hevdar den europeiske miljøorganisasjonen Friends of the Earth at røyndommen er motsett: Plastemballasje reduserer ikkje matsvinn i Europa. Tvert om aukar matavfallet i enkelte tilfelle i takt med mengda emballasje. Dei peikar òg på at den samla naturkapitalen vi globalt taper på grunn av plastemballasje, ifylgje FN er verdsett til 15 milliardar euro.
Kva skal ein såkalla medviten forbrukar tru?
To for ein
Midt i alt dette dukkar det opp ein ny type kjøtdeigemballasje på Rema med formål nettopp å redusere matsvinn. Å kalle emballasjen ny er kanskje å ta litt i: Pakningen er den same, gamle – ei svart plastskål med gjennomsiktig lokk med etikett over. Det Gilde og Rema har gjort, er å late to pakningar henge saman og klistre ein etikett over begge to. Etiketten slår fast: «2-pakk! Reduserer matsvinn: bruk hele eller spar halvparten». Ja, og så har dei redusert innhaldet i kvar pakke frå 400 gram, slik det er i enkeltpakningane, til 300 gram.
Dei har likevel ikkje redusert storleiken på pakningen. Emballasjemengda for 600 gram er altså dobbelt så stor som for 400 gram. Ein annan måte å seie det på er at 50 prosent av emballasjen er unødvendig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.