Kjøt
Slik gjer vi det når vi slaktar eit dyr.
Det er tid for slakt både ute i naturen og i ulike mediedebattar.
Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / NTB scanpix
Boltepistolen skal plasserast oppå hovudet. Dersom sauen har horn, skal du sikte mot tungerota. Er han kolla, siktar du mot bogen i underkjeven. Ein trykker ikkje av før dyret står i ro. Då er ein trygg på at skotet treffer der det skal, og at sauen går rett i bakken, bedøvd.
Så er det kniven på strupen. Bokstavleg tala for sauen, i overført tyding for slaktaren. For no er det ingen veg attende. Idet dyret dett i bakken, framleis varmt, men viljelaust, er det for fyrste gong verkeleg ditt. Heilt utan livsverdi lenger, i staden i hendene dine, og det er di oppgåve å rettferdiggjere avlivinga.
Det gjer du fyrst ved å kutte alle dei store blodkara i strupen på dyret. Då pumpar blodet ut. Samantrekningar i musklane hjelper til med å få mest mogleg blod ut av kroppen. No er dyret dødt.
Reint kjøt
Få slaktet på ryggen opp på ein slaktekrakk. Sprett opp skinnet frå halsen til midt mellom bakbeina utan å skjere inn i kjøtet. Kniven skal leggast med eggen opp og førast jamt bakover, samtidig som ein finger følger snittet på kvar side. Skjer oppover beina på same vis, frå kne og hasar. Om du skjer rett kring ledda, kan beina lett knekkast av over underarmen din, og du er klar til å byrje å flå. Alt no må du tenkje på å halde den eine handa rein og den andre skiten – du treng éi hand til å jobba mellom kjøtet og skinnet, der er det reint, og éi til å halde i skinnet, utanpå, der det er skite. Ikkje bytt. «Kna» skinnet laus frå kjøtet mest mogleg, og hjelp til med kniven der det er mykje hardt feitt eller bein.
Etter kvart kan du henge opp slaktet etter bakbeina og dra skinnet av. Deretter er det på tide å opne buken. No skjer du frå halsen til endetarmen på same vis som med skinnet – berre gjennom kjøtet, og ikkje gjennom magesekken. Då vil mageinnhaldet fløyme ut og ureine kjøtet. Skjer kring endetarmen frå utsida, og knyt for han og matrøyret med kvar sin tråd. Skjer laus mellomgolvet. No kan du velte innvolane ut av skrotten og over i ein balje, kor du kan plukke ut dei delane du vil ete: nyrer, lever, lunger, hjarte, mellomgolv og eventuelle testiklar bør vere på lista. Skjer av hovudet og heng dyret til modning på ein stad med høveleg temperatur, pakka inn i eit insektsnett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.