Frå matfatet
Kjeks
No treng du ikkje lenger velje om du vil ha sjokoladekjeksen steikt eller rå.
Steikt eller rå? Det kan du bestemme sjølv.
Foto: Pxhere.com
Endeleg er det februar att. Tid for å trimme sarkasmemuskelen. For månaden som elles er mest kjend for å gå fort over, hjelpt av eit par dagar med stor fallhøgd, husar februar ein godt skjult løyndom: Februar er truleg månaden då det kjem aller flest nye varer i dei norske daglegvarebutikkane.
Meny har alt lansert matnyhenda sine for våren 2022. Ikkje overraskande byrjar dei med sjokolade og snacks, og endå mindre overraskande byrjar den lista med ein ny variant av Freia Melkesjokolade.
At mjølkesjokoladen frå Freia kjem med tilsetningar, er ikkje noko nytt: Den reine mjølkesjokoladen vart lansert attende i 1906, men Firkløver, altså mjølkesjokolade med hakka hasselnøtter, kom alt i 1926 og har eksistert sidan, og vi har hatt Fruktnøtt sidan 1963.
Det er likevel ikkje til å stikke under stol at utvalstakta har auka monaleg dei siste tjue åra. Wikipedia er så greie at dei gjev oss ei komplett liste over sjokoladeprodukta til Freia med lanseringsår. Sjølv om lista byrjar i 1895, utgjer produkt lanserte etter 2000 over 75 prosent.
No, i 2022, har vi fått ein Freia Melkesjokolade med popkorn, mais og havsalt. Frå før har vi ein med brownie, fudge og havsalt, i tillegg til dei med anten havsalt, Kvikk Lunsj, Daim, heile nøtter, frukt og nøtter, Walters mandlar, appelsin og havsalt, mandel og karamell, ostekake og jordbær, Japp eller Oreo.
Kjekssjokolade
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.