Frå matfatet
Kan vi legge vekk tanken om at norsk mjølk må vere best i verda for å ha rett til å eksistere?
Er det noko heilt særskilt med norsk mjølk?
Frank May / NTB
Kvifor skal vi betale meir for mat produsert i Noreg? Desse spørsmåla har vore diskuterte litt ekstra ivrig i det siste. Etter at vi har gått frå for mykje egg og mjølk til for lite egg og mjølk, har det atter ein gong vore diskutert om norsk landbruk er verdt dei 20 milliardane det kostar oss i subsidiar.
I Debatten på NRK førre veke vart mellom andre leiaren i Tines avdeling for mjølkeråvare, Johnny Ødegård, stilt fylgjande spørsmål av Fredrik Solvang kring bruken av tysk mjølkepulver i norsk yoghurt: Smaker tysk mjølkepulver annleis enn norsk? Kunne norsk yoghurt vore laga av tysk mjølkepulver utan at vi ville merka skilnad?
Ødegård svara at det tyske mjølkepulveret er av god kvalitet, men at vi då ikkje ville fått den mjølketryggleiken vi har i dag. Solvang følgde opp med å spørje retorisk om det er noko heilt særskilt med norsk mjølk – og Ødegård svara «vi liker å tru det, ja».
I etterkant av debatten har mange i sosiale medium hevda at han burde svara eit rungande «ja», og at han ved å svare som han svarar, undergrev det norske jordbruket: Ein kan jo ikkje vente at forbrukaren skal betale meir for norsk mat om ikkje næringa sjølv kan gå god for kvaliteten ved ho, vert det hevda.
Men heng det argumentet eigentleg på greip? Er det difor vi skal produsere mat i Noreg – fordi vi kan produsere han best?
Solidaritetsmjølk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.