Kampen om kåret
Rettleiarar av ulikt slag insisterte på at kårkontraktane måtte handle om mjølkelitrar, ikkje om kutal.
Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix
Alderdommen høyrer til livets grunnvilkår, om vi lever lenge nok. Han slår ulikt ut, frå menneske til menneske. Men dei fleste vil med stigande alder ha stigande problem med å greie seg, å forsørgje seg og å yte det til fellesskapet som ein greidde i velmaktsdagane.
I samfunn der fattigdommen er nådelaus, er denne situasjonen livsfarleg. Den som ingenting kan yte, har ikkje livets rett. Born, som det då er meir enn nok av frå før, blir sette ut. Ein del samfunn har halde seg med eit slag ættestup: ulike måtar for å ta livet av avmektige og unyttige gamle.
I våre moderne samfunn har vi innført noko flunkande nytt i historia: Ved ein viss oppnådd alder får vi alle pensjon – pengar å leve av. Noko slikt har historia aldri sett før.
Sjølve pensjonstanken er ikkje ny. Det nye er omfanget. Staten byrja tidleg med pensjonar til sine. På 1800-talet var det konstant strid i Stortinget om statspensjonane. Bøndene, som ikkje hadde pensjonsordningar, ville spare pengar ved å knipe på statspensjonane og pensjonsvilkåra. Av og til var det ein måte å straffe regjeringa på.
Og bøndene hadde si kårordning – folge, som det heitte på mine kantar. Når son og svigerdotter overtok garden frå gamlefolket, vart det gjort avtalar om naturalytingar til kårfolket: poteter, mjølk, kjøt, fisk. Dei gamle skulle ha mat i huset, frå garden. Ofte var det ikkje mykje å dele. Det kunne bli smått både for ungfolket og gammalfolket. Men alt i alt var nok dette ei betre ordning for alderdommen enn det dei fleste andre hadde. Mange hadde ingenting, og fekk dermed følgje av tung fattigdom livet ut.
Då planarbeidet for å løfte norsk husdyrhald starta rundt 1850, la kårordninga seg i vegen for framgangen ein prøvde å skape. Rådande lære blant bønder var at det var viktig å ha så mange kyr som råd. Det medførte sveltefôring og vårknipe. Kyrne som omsider kom ut på vårbeite, var utsvoltne og radmagre. Dei brukte mykje av sommaren på å kome til hektene etter ein mager vinter. Det vart ikkje mykje mjølk av det, ikkje om sommaren og slett ikkje om vinteren. Svaret var greitt: Kutalet måtte ned. Det ville bli langt meir mjølk om kyrne kom velfødde på beite om våren.
Kårordninga var gjerne slik at kårfolket hadde eigne kyr i kuflokken, kyr som var deira. Om no kårfolket hadde tre kyr av ein flokk på ni, som då var for stor, kva så? Om no talet burde ned til seks, til beste for både folk og dyr? Ja, då ville brått kårfolket sitje og eige halve kuflokken, medan dei før åtte tredjeparten, medan bonden ville ha fått kutalet halvert. Bonden, som skulle gjennomføre nedskjeringa, ville ha lite att for det, medan kårfolket, som sat og såg på, ville dra av garde med det meste av gevinsten. Det var inga ordning for endring.
Rettleiarar av ulikt slag insisterte på at kårkontraktane måtte handle om mjølkelitrar, ikkje om kutal. Og slik vart det. Men det tok tid. Ei klok og velmeint ordning – den tids alderstrygd – sat på bremsen. Det gode var blitt det bestes fiende.
På bygdene vart det snakk om kårfolket hadde vore for kravstore mot ungfolket. Det vart rekna som skammeleg og usømmeleg framferd.
I dag er det politisk strid om pensjonane, overalt. Det er den vanlege situasjonen i økonomien. Alle krir for seg og sitt, og alle vil ha meir.
Dagleg kan vi lese i avisene om økonomien i norske kommunar. Pensjonistane er mange, dei er sunne og dei lever lenge. Pensjonsutgiftene stig. Dei vil også stige i åra som kjem. Og pengane til alle dei komande pensjonsutbetalingane ikkje er sette til side, i pensjonsfond. Kommunane skuvar eit stort pensjonsunderskot framfor seg. Alt i dag må dei skjere ned på nødvendige utgifter, til skule, sjukestell og omsorg av ulikt slag. Viktige oppgåver må leggjast til side når pensjonsansvaret er innløyst.
Så er vi kanskje der bøndene var for 150 år sidan: Kårfolket, pensjonistane, trugar ungfolket og det dei driv med.
Og siste tiåret har Europa lært ei tung lekse om for gode pensjonsordningar. Dei kan bli svært brysame og vanskelege å handtere.
Vi pensjonistane er mange og politisk tunge. Vi passar på vårt. Det var våre jamaldringar som røysta England ut av EU. Ungdomane ville vere med vidare.
Om samfunna våre skal kome vidare, utan altfor store spenningar mellom kårfolket og ungfolket, må vi kanskje sjå på kårordningane, slik bøndene måtte for 150 år sidan.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.