Kålrot
Fordi dei mest rotete kjøkkena av og til er dei mest framtidsretta.
I motsetnad til Gunhild Stordalen løftar vi denne veka fram kålrota. Hurra!
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Gunhild Stordalen har vore mykje på fjernsynet den siste tida. Ikkje berre har ho reist kringom i verda for å fortelje oss kor klimaskadeleg det er å ete raudt kjøt. Ho har òg funne plass til å snakke ned ei av dei mest nøysame norske grønsakene: sjølvaste kålrota.
Stordalen er på handletur med Leo Ajkic i programmet Uro.
– Eg har høyrt at det ikkje blir digg mat utan kjøt, seier Ajkic.
Stordalen kontrar:
– Eg har òg høyrt det før, men det er heilt feil.
Så langt, så godt. Sjølvsagt kan det verte digg mat utan kjøt. Vi har digge ostar, eggerettar og ikkje minst mange, mange smaksrike grønsaker. Og det er her det går gale:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.