Julepålegg

Juletradisjonar skal endrast, ikkje utnyttast.

Julebord på Carl Larssons akvarell frå 1904.
Julebord på Carl Larssons akvarell frå 1904.
Publisert

Så var det den tida av året att. Den lange, mørke tida då vi må bane oss gjennom raudmåla produkt med titlar som byrjar med Jule- for å kome fram til det vi eigentleg var på jakt etter i butikken.

Det er jo ikkje så rart. For så mange julemattradisjonar som vi har her i landet, må ein nesten byrje tidleg om ein skal kome gjennom dei alle. Om vi ser forbi pinnekjøt, ribbe, peparkaker og lutefisk, er det framleis sild, torsk, laks, leverpostei, rull, sylte, nøtter, graut, appelsin, gløgg, øl, kalender, marsipan, pølse, skinke – og så bortetter og bortetter. Di mørkare det vert ute, di fleire produkt får nye namn og innpakningar.

Det er eigentleg mykje fint ved det. På langt nær alle produkt er å finne heile året. Sjølv dei av oss som ikkje er så glade i sjølve julefeiringa, kan sette pris på dette elementet – fordi det er med på å halde tradisjonsmaten levande. Folk har faktisk syltepresse heime, og ho vert til og med brukt, fordi sylteflesk eller hovudsylte er noko ein skal ha til jul. Sidan ein alltid har gjort det, finn ein tid til det i år òg. Krumkakejernet kjem i alle fall av og til ut av skuffa, ofte nok til at borna og lærer kva gjenstand dette er.

Ribbe: ei nyheit

Tradisjonar er likevel ingen fast storleik. Ribba, den ferske, usalta og urøykte som får sprø svor, er ei av dei nyare utgåvene; ho dukka opp ein gong på 1800-talet. Pinnekjøtet er minst hundre år eldre. Men før reformasjonen var det ikkje lov å ete kjøt før fyrste juledag, så då var det fisk som dominerte julekvelden.

Tradisjonar bør få lov å endre seg, somme vil forsvinne og nye vil kome til. Kanskje er det det Gilde – i samarbeid med Rema 1000 – har tenkt når dei i år har lansert Provencekrydret Julefilet som eit nytt tilskot til påleggsbordet på fyrste juledag? Fileten er rund og oppskoren og kjem i pakningar på 200 gram, ein temmeleg vaksen påleggspakning, med andre ord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement