Frå matfatet
Julematen
Å kome i stemning kan ta tid, men er verdt det.
Som om det var i går, kunne vi ete det i kveld: Julebord skal ikkje forandre seg nemneverdig.
Foto: Aleksander Nordahl / NTB
Så var vi her igjen: På sjølvaste dagen. Den dagen som meir enn nokon annan dag er full av tradisjonar og attkjenning, som vert best om han vert følt og opplevd, føregår og ikkje minst luktar og smakar akkurat som i fjor – eller for førti år sidan, for dei to skal så langt det går, gå ut på eitt: Tida skal stå stille på julaftan.
Noko har sjølvsagt kome til etter kvart. Noko må rett og slett ha kome til etter kvart, for så lang er lista over julemat at vi kunne ha brukt heile denne spalta (som ideelt sett er mellom 3200 og 4000 teikn lang) på å ramse opp julete varme rettar, kalde rettar, store kaker, små kaker, drikkar for vaksne, drikkar for born, godteri og til og med eitt og anna element som vi elles kunne kalle helsekost (ja, eg tenker til dømes på sildesalaten, eller nøttene).
Så kunne vi, i namnet til den kritiske journalistikken, gått vidare derifrå inn i kvar og ein av desse tradisjonane og funne ut kor korte og/eller importerte eller på andre måtar falske dei er. Kven treng til dømes mandarinar på julaftan lenger, det er då ingenting eksotisk ved dei i 2020? Og vert potetchips meir julete av å vere i ein pose med julenisse på?
Men lat oss, berre for i kveld, late vere å gjere det. No lèt vi kritikarnasane våre få julefri. Akkurat i dag synest eg vi skal late oss fyllast – frå topp til tå, frå inst til ytst – av julematglede.
Kjøkkentid
For kva hadde norske mattradisjonar vore utan jul? Kven ville visst at sylte ikkje er noko søtt vi har på brunosten (det heiter syltetøy), men tvert om noko salt, feitt, krydra og herleg som vi lagar av hovudet til grisen, og som krev ei eiga presse (ei syltepresse, sjølvsagt), og kven ville hatt ei slik presse på kjøkkenet om det ikkje var for tida fram mot jul?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.