Frå matfatet

Julemat

Han bør i alle fall halde seg til julekvelden.

Dei er blide, desse karane her, men held smila seg heilt til juleklokkene ringer?
Dei er blide, desse karane her, men held smila seg heilt til juleklokkene ringer?
Publisert

«Frisk Waldorfsalat» står det på boksen frå Eldorado som eg finn i ei butikkhylle hjå Spar den 24. november, og med det er tankerekka mi i gang. For boksen er ikkje kva som helst slags boks med waldorfsalat, nei, han er julepynta, og merkt med ordet «Julegleder». Skal tru kor frisk den waldorfsalaten er ein månad frå no? Kor lenge kan eigentleg eple, pærer og ananas halde seg friske i eit bad av vatn, rømme og majones? Klarar dei det heilt fram til jul?

Tanken legg seg bak øyret ein stad, eg går vidare inn i butikken og passerer hylla med varer som nærmar seg best før-datoen og difor vert selde til halv pris, og igjen lyser juledekorasjonane mot meg: Her er «Julevibber» frå Castello og «Juleskinke» frå Gilde, og ingen av dei kjem til å få sjå julestjerna. Når eg ruslar vidare, ser eg julemat overalt, og det er kanskje ikkje så rart ein månad før jul, men diskusjonen om kor tidleg vi skal sleppe julematen laus i butikkhyllene, kjem kvart år, like sikkert som julenissen. Eg går attende til waldorfsalaten og ser at, nei, han skal ikkje vere frisk heilt til Jesus vert fødd, han går ut på dato 2. desember.

Eg skal ikkje kome med noko svar med to strekar under, men kanskje nærmar eg meg eit minimumskrav: For bør ikkje julematen i det minste klare å halde seg frisk og rask fram til jula vert ringd inn?

Julekyllingmedister

Butikkjedene seier dei kunne selt julemat heile året, for vi er heilt galne etter juleprodukt. Det er jo litt som å høyre born som ynskjer seg julaftan kvar dag. Samstundes veit vi alle saman at for at noko skal vere spesielt for oss, må vi sakne det litt. Om juletreet stod til påske, ville det ikkje gje god julekjensle lenger, endå mindre om det framleis stod der ved skulestart i august.

Kva er det som gjev oss julestemning? Julebrus er éin ting, men kor viktig er det eigentleg med medisterkaker av kylling som Prior har laga og pakka inn i juledekor samstundes som dei er merkte med «siste forbruksdag 14.12.21», eller roastbiff frå Gilde som går ut på dato same dag. På Rema 1000 har dei ferdig kålrabistappe og meiner det er «julens beste tilbehør», men han går ut på dato to dagar før grevinna går heim med hovmeisteren. Eg hadde vorte litt snurt om eg hadde kjøpt tynnribbe frå Folkets og tenkt at no er jula sikra, eg fekk tak i fersk ribbe i år, men så oppdaga, etter at eg kom heim, at ribba gjekk ut på dato 30. november. Så må eg hive ho i frysaren likevel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement