Frå matfatet

Jordbrukskrise

Tida for store ord verkar ikkje å gå over. Snarare tvert om.

Vinterfôr på ville vegar: Det er ikkje isbitar, men rundballar, som flyt i Mjøsa og skaper trøbbel.
Vinterfôr på ville vegar: Det er ikkje isbitar, men rundballar, som flyt i Mjøsa og skaper trøbbel.
Publisert

Så var vi der. Det var liksom ikkje nok med kostnadsaukar og renteaukar, tørke og flaum, og ei statleg inntektsheving som lèt vente på seg – norsk landbruk måtte innom overproduksjonsavgiftsholet i år igjen. Eg er klar over at eg skriv for ei avis som ikkje brukar ordet krise om det ikkje er naudsynt, og eg set pris på det. Når eg no tek det i bruk, er det altså fordi eg meiner det er på sin plass. Her er kvifor:

Midt i august melde Nortura at det var vorte naudsynt å sette ned engrosprisen på storfekjøt med fire kroner per kilo, og at heile denne prisnedgangen vert pålagd råvareleverandøren. Altså bonden. Fire kroner per kilo er, om ein tek utgangspunkt i gjeldande avrekningsprisar, ein prisnedgang på 6–8 prosent.

Så, førre veke, melder Omsetningsrådet for kjøt – organet som har i oppdrag å regulere marknaden, og som er forvalta av det same Nortura – at det ikkje er nok. Reguleringslagera, altså fryselagera som passar på kjøt som ikkje vert selt, er så store at det er naudsynt å auke omsetningsavgifta med éi krone per kilo for storfe og småfe,og 60 øre per kilo for gris.

Omsetningsavgifta er ei avgift bønder må betale, eller i praksis får dei avgifta fråtrekt oppgjeret når dei leverer kjøt til slakt, når det vert produsert meir enn marknaden klarer å omsette.

Dobbelt råka

Det som er ekstra tragisk nett no, er at ei av årsakene til at det er naudsynt å auke avgifta, er nettopp den tunge tørke- og flaumråka sommaren: Avlingar har tørka og/eller drukna vekk i eit slikt omfang at det er fôrmangel i store delar av Noreg, og ingen område har fôroverskot slik at det kan delast. Nortura fryktar – truleg med god grunn – at mange dyr vil verte melde inn til slakt rett og slett fordi det ikkje finst fôr til å halde dei i live gjennom vinteren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement