Jordbærsyltetøy
Somme bær er billegare enn dei burde vere.
Smaken av sommar kan verte for billeg, den òg.
Foto: Wikipedia
I dag hadde eg tenkt vi skulle prøve noko nytt. Kaste oss på trenden, så å seie, eller kanskje til og med vere i forkant: Rett og slett handle daglegvarer på nett. På Kolonial.no.
Det skulle eg likevel verte blå for. Kall meg naiv, men eg trudde ei verksemd som har fått såpass mykje merksemd, hadde litt større nedslagsfelt enn Oslo og Akershus. Men nei. Min næraste hentestad er Jessheim, nesten 500 kilometer unna. Det vert litt drygt når eg eigentleg berre var ute etter jordbærsyltetøy.
Vi kan bruke nettsida deira til å sjå litt på prisar og utval likevel. Kolonial.no samarbeidar med Rema 1000, og Rema Distribusjon eig 7 prosent av verksemda.
Difor er det ikkje overraskande at produkt frå nett Rema – inkludert dei eigne merkevarene (EMV-varene) til kjeda – er å finne i dei virtuelle hyllene. To av dei tolv jordbærsyltetøya som er å finne, er EMV-variantar. Prisane overraskar likevel ein liten smule. å seie det same
To av syltetøya er i bøtter på eitt kilo. Dei er temmeleg like: kvite plastbøtter med fasttrykt design. Innhaldsdeklarasjonane er òg vanskelege å skilje frå kvarandre: Begge slaga er produserte med 40 gram jordbær per 100 gram syltetøy. 40 prosent bær, altså. Det er latterleg lågt. Så står heller ikkje bærinnhaldet fyrst på innhaldslista – her står sukker, spesifisert med 40 prosent på den eine pakningen, utan nærare mengdetilvising på den andre. Men sidan regelverket for innhaldsmerking seier at den ingrediensen det er mest av skal stå fyrst, kan vi gå ut frå at sukkerinnhaldet er minst 40 prosent her òg.
Det fyrstnemnde spannet er rett og slett litt meir detaljert i innhaldsdeklarasjonen enn spann nummer 2. Her er det òg gjeve opp at mengda vatn i spannet er 19 prosent, medan spann nummer 2 berre gjev opp «vatn». Medan spann 1 skriv «fortykningsmiddel (E 440)», tek spann 2 bladet frå munnen og fører opp «fortjukningsmiddel (fruktpektin)». Og innhaldet held fram med å vere det same, om orda er annleis: «surhetsregulerende midler (E 330, E 333)» er nett det same som «surheitsregulerande middel (sitronsyre)», og «konserveringsmiddel (E 202)» er berre ein annan måte å skrive «konserveringsmiddel (kaliumsorbat)» på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.