Jordbær
Korleis gå på grov jordbærslang utan ein flik av dårleg samvit.
Bær på bær på bær. Kor modne kan dei verte før dei tippar over kanten?
Foto: Pxhere
Har du sjølvplukka jordbær på butikken i sommar? Flytta dei dårlege bæra diskret over i ei anna korg og fine bær over i di, meiner eg? Du er ikkje aleine.
På den eine sida er det ei openberr egoistisk handling: Du flyttar problemet over til andre jordbærkundar, dei som ikkje er like frekke, og som vert sittande att med dårlegare jordbær enn dei eigentleg betalte for.
På den andre sida kan handlinga sjåast som eit uttrykk for sunn forbrukarmakt. Når vi betaler opp mot 70 kroner for ei 400 grams jordbærkorg, skal då ingen av oss sitte att med rotne bær? Det er då ikkje det vi betalar for. Den norske jordbærsesongen er kort, altfor kort til mugne jordbær.
Eller ligg svaret enn heilt annan stad? Om vi ser litt større på det heile: Frå eit matsvinnperspektiv, til dømes, er ikkje problemet kven som sit att med rotne bær, men at gode, søte, friske, næringsrike, energikrevjande og i aller høgaste grad etterspurde norske jordbær får lov å rotne i det heile.
Den norske modellen
Kva kjem det av, skal tru? Vi skal sjå endå litt lenger attende, men fyrst skal eg skrifte: Kor mange friske bær du enn har tuska til deg på butikken i sommar, har eg tuska til meg fleire.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.