Frå matfatet

Jordbærdadlar

Nei, det finst ikkje, og det er heile poenget.

Dadlar på ein daddelpalme liknar meir på druer enn jordbær, men er altså ingen av delane.
Dadlar på ein daddelpalme liknar meir på druer enn jordbær, men er altså ingen av delane.
Publisert

«Änglamark» heiter ein temmeleg kjend song av det svenske visekongen Evert Taube. I denne visa er det «jorden vi ärvde» som er Änglamarken, og her skal vi late fuglar fly, elver renne, born leike og rådyr springe. Kort sagt: respektere naturen for det han er.

Änglamark er òg ein av Coops seriar med eigne merkevarer, og det er vanskeleg å skjøne at dei kan ha henta inspirasjon til namnet andre stadar enn i nettopp Taubes vise. Ifylgje seljaren sjølv, altså Coop, er det nemleg ein produktserie med «økologiske, miljø- og allergivennlige varer».

At eit produkt er økologisk, vil seie at det er produsert på ein måte som fremjar helsa til jord, planter, dyr, menneske og jordkloden «som en udelelig helhet», ifylgje nettstaden til Stiftelsen Norsk Mat, Okologisk.no. Framleis heilt i tråd med Taubes visjonar, med andre ord.

Ein matproduksjon som tek jorda på alvor, er vel om lag akkurat det verda treng. Men kor høver ein pakke med plastpakka fruktbitar inn i biletet?

Eit anna produkt

Økologiske jordbær heiter produktet. Det er plassert i hylla ved sida av rosiner og diverse bakeprodukt. For 23 kroner og 90 øre får du ifylgje framsida av posen åtte små fruktbitar av jordbær, kvar på ti gram og altså individuelt pakka i plast. Om vi snur posen og les på baksida, oppdagar vi derimot eit heilt anna produkt: «økologiske daddelbiter med jordbærsmak», står det her. Og innhaldslista støttar dette sistnemnde biletet: Fruktbitane er produserte av 95 prosent dadlar frå Pakistan, rapsolje, 1 prosent jordbærpulver frå Polen og naturleg aroma.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement