Kommentar
Verdsrommet i krigstid
Rompolitikken er blitt tryggingspolitikk. Eit sårbart Noreg må søkje samarbeid.
Frå romhamna på Andøya er det mogleg å sende små satellittar i bane kring jorda.
Illustrasjon: Andøya Spaceport
Næringsminister Cecilie Myrseth har sagt at 2026 skal bli eit «romår». Noreg skal vere ein føregangsnasjon innanfor romverksemd. Det er store ord. Skal vi forstå det slik at Noreg er ei stormakt i verdsrommet? Lite er lenger frå røynda, sjølvsagt.
Maktforholda i verdsrommet tilsvarar maktforholda på kloden. I boka The Future of Geography frå 2023 skriv den britiske journalisten Tim Marshall at vi menneske no er i ferd med å ta statane, selskapa, historia, politikken og konfliktane våre med opp i verdsrommet, og at det kan revolusjonere livet nede på landjorda. I 2025 er det dessverre lett å forstå kva han meiner.
I Ukraina har befolkninga i fleire år fått erfare kor avhengige dei er av tilgang til verdsrommet. Elon Musks Starlink-satellittar sikrar internett når bakkebasert infrastruktur blir øydelagd. Og internett sikrar høvet til å kommunisere, navigere, planleggje operasjonar og bruke etterretningstenester, for å nemne noko. Generalsekretæren i den norske hjelpeorganisasjonen Fritt Ukraina, Natalia Golis, har sagt det slik: Starlink er ikkje berre ein teknologi – det er ei livslinje.
Avhengig av USA
Når vi treng rombasert teknologi til alt frå banktenester til militæroperasjonar, gjer det oss sårbare. Vi er prisgjevne USA.
Som Jonas Vidhammer Berge, forskar ved Institutt for forsvarsstudier, skreiv i ein kronikk i Dagens Næringsliv i april, har Europa svært få etterretningssatellittar i forhold til USA, og inga erstatning for Starlink: «Det nærmeste alternativet, Eutelsat, har mindre enn 10 % av satellittene til Starlink og er teknologisk underlegent. EUs foreslåtte alternativ, IRIS2, planlegger foreløpig for en konstellasjon på bare 290 satellitter, omkring 4 % av mengden til Starlink.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.