Reportasje

Med sæd i bagasjerommet

Inseminøren er ikkje ein utdøyande rase. Han er berre sjeldnare å sjå.

Veterinæren Johan Eggebø bruker ikkje mange minutta på å inseminere ei ku. Kua er roleg.
Publisert Sist oppdatert

Eg snakka med ein bonde som var einig i at det var på høg tid å skrive om inseminøren. For korleis jobbar han no, og kvar er han eigentleg blitt av? Her på øya fanst han iallfall ikkje lenger. Etter at far min, Olav Bø, slutta som inseminør på Rennesøy i 2008, vart det ikkje tilsett ny.

Kvar morgon, litt før klokka ni, ringde telefonane. Det var bøndene som skulle melde inn brunst. Etter nøkterne telefonsamtalar skreiv far min namna ned på blokka og gjorde klart utstyret for å køyre av garde. Det var 1990, eg hadde fri frå barnehagen og fekk vere med. I dei krappe svingane kunne me høyre sæddunken skvulpe bak i den store, kvite Mitsubishien.

– Då eg tok til med inseminering, var det litt trivielt for dyrlegane å drive med slikt. Dei hadde viktigare ting å ta seg til, fortel far min, som no er pensjonert.

Insemineringskurs

Det var frå 1979 til 2008 han jobba som inseminør på Rennesøy i Ryfylke. Han reiste fyrst til Veterinærhøgskulen på Adamstuen i Oslo. Her tok han kurs via Geno. Det var tre veker teori, praksis på slaktehus og så opplæring i innrapportering hos Norsk Rødt Fe på Hamar, no Geno.

Då hadde han lært å inseminere ku, sau, gris og til og med rev. Å inseminere rev skal visst vere ganske likt som hund, men den eine hundeinsemineringa han vart spurd om ein gong på 1990-talet, takka han likevel fint nei til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement