Jod
Mangel på mineral kan syne stor ubalanse.
Ei gravid kvinnes beste ven: 99,9 prosent reine jodkrystallar.
Foto: Wikimedia Commons
Denne spalta handlar normalt ikkje om enkeltnæringsstoff. Ho handlar om mat og prøver å seie, så ofte som mogleg, at mat er meir enn summen av næringsstoffa. Men nett no skal vi gjere eit unntak. Vi skal gjere det for jod.
For situasjonen kring jod er merkeleg: Det er som å seie at det ikkje burde bu folk i enkelte delar av Noreg.
Bakgrunnen for å ta opp temaet er ei offentleg uro for om jodmangel igjen er eit helseproblem – ikkje berre i Noreg, men i heile Europa. Her heime er uroa formalisert i rapporten «Risiko for jodmangel i Norge – Identifisering av et akutt behov for tiltak», skriven av Nasjonalt råd for ernæring på oppdrag frå Helsedirektoratet i 2016. Konklusjonen er at «jodinntaket er urovekkende lavt i deler av befolkningen» – lågare hos kvinner og aller lågast hos gravide. Mineralet jod er sentralt i utvikling av så vel hjerne som nervesystem hos foster.
Struma
Eg nyttar ordet «igjen» om situasjonen fordi jodmangel ikkje er noko nytt problem. På trettitalet hadde kring ein fjerdedel av alle 13 år gamle jenter jodmangelsjukdommen struma – ei forstørring av skjoldbruskkjertelen som kan føre til pustevanskar og problem med å svelgje.
Størst var problemet i innlandet. I Modum kommune var så mange som 80 prosent av borna innom struma på eit tidspunkt. Årsaka er å finne i jorda: Norsk jordsmonn inneheld lite jod. Di lenger vekk frå havet vi kjem, di mindre vert det. Med lite jod i jorda vert det lite jod i produkta.
Måten vi fiksa jodproblemet på, var å sette til mineralet i matvarer. Jodsalt har vi høyrt om, men viktigare vart likevel meieriprodukta: Rein mjølk har i mange år vore den viktigaste jodkjelda. Jod vert likevel ikkje sett til i mjølka, men i kraftfôret. Dei seinare åra har dette vore mindre effektivt: Auka bruk av elles sunn rapsolje hemmar overføring av jod frå fôr til mjølk. I tillegg drikk nordmenn flest mindre rein mjølk enn vi gjorde, og kvitost er ikkje ei like god jodkjelde.
Havmineralet
Jod er altså heller ikkje eigentleg eit landmineral. Jod bur i havet. Høgast førekomst av jod i matvarer vi et til dagleg, finn vi i torsk og annan kvit fisk. Slik kan det faktumet at vi menneske treng monalege mengder jod, sjåast som eit argument for at vi høyrer heime ved havet. Men det er då lenge sidan vi slutta å bu berre der?
Forsking syner at det ved å gjødsle med jod i ulike former er mogleg å auke innhaldet av jod i kulturvekstane. Altså kan vi gjødsle med jod, men om vi skal utvinne og transportere, er det gjerne like effektivt å tilsette mineralet direkte i maten? Eller burde vi gjere noko heilt anna?
Eit anna næringsstoff vi har vorte vane med å tilføre jorda utanfrå, er det essensielle næringsstoffet fosfor. No hentar vi i stor grad fosfor frå fossile kjelder. Ein gong fanst det truleg ei anna kjelde – ei fosforpumpe, om du vil: Fosfor forsvinn ikkje; det endar på havbotnen og vert utilgjengeleg for oss. Då det ein gong var mange gonger fleire store sjøpattedyr, anadrome fiskar, sjøfugl og vandrande vilt enn det er i dag, var dette problemet mindre. Ved å ete på botnen og gjere frå seg i overflata henta kvalar fosfor frå havbotnen og opp, laks og sjøfugl tok det med seg inn til kysten og opp elvane, og hjortevilt tok det med seg frå sjø- og elvekantar og innover i landet. I dag nyttar vi berre ein stad mellom 5–8 prosent av kapasiteten i denne næringspumpa.
Kan denne pumpa – eller ei liknande pumpe – ha eksistert for jod? Kan det vere at jodmangelen er eit døme på ubalanse i heile økosystemet, ein ubalanse som har vore der så lenge at vi no har vanskar med å sjå han?
Vi kan nok ikkje vente med å forsterke mat med jod til problemet eventuelt er løyst. Men vi kan ete det vi kan av berekraftig, sunn og jodrik mat frå havet: Å ete litt tang og tare, torsk og annan kvit fisk har vi på ingen som helst måte vondt av.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Høgast førekomst av jod i matvarer vi et til dagleg, finn vi i torsk og annan kvit fisk.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?