Is

Når verda er å finne i ein halvliterboks is.

This Nov. 2, 2015 photo shows warm pumpkin bourbon cheesecake in Concord, NH. Serve this cheesecake hot, right out of the oven, topped with a little vanilla ice cream or sweetened whipped cream(AP Photo/Matthew Mead)
This Nov. 2, 2015 photo shows warm pumpkin bourbon cheesecake in Concord, NH. Serve this cheesecake hot, right out of the oven, topped with a little vanilla ice cream or sweetened whipped cream(AP Photo/Matthew Mead)
Publisert

Er det mogleg å løyse fleire verdsproblem i ein boks is enn det Kolonihagen og Rema 1000 no gjer? For ei tid sidan kjøpte Rema 1000 økoleverandøren Kolonihagen. Dette har sjølvsagt ført til ei eiga produktlinje laga eksklusivt for Rema 1000. Her finn vi ein serie høgkvalitetsiskrem produsert på økologisk mjølk frå minst 80 prosent grasfôra jerseykyr. Sjokoladen er fairtrade, vaniljen er frå Madagaskar og mjølka er av typen A2. Er dette det etterlengta treet som veks inn i himmelen? Ikkje heilt.

Mjølk er ikkje mjølk, seier Kolonihagen og Rema 1000. Så langt, så godt. Smaks- og næringsmangfaldet i rein mjølk, så vel som alle produkta råvara gjev oss, fortener like stor respekt som alkoholhaldige drikkevarer.

Jerseyfe produserer mjølk med ein annan proteinstruktur enn norsk raudt fe gjer. Det er det som vert kalla A2: Eit viktig mjølkeprotein er kaseinet, og ein stor del av kaseina er betakasein. Det kjem i to former: A2 eller A1. A2 er den opphavlege forma, som mange hevdar menneske tåler betre enn A1. Di mindre framavla rasen er, di større sjanse er det for at ein får A2-mjølk. Dei gamle norske husdyrrasane mjølkar nok òg A2, sjølv om ein i liten grad har tatt seg råd til å teste mjølka. Geitemjølk er òg A2-mjølk.

Eg stussar likevel når Kolonihagen skriv på nettstaden sin at «flere som jobber i Kolonihagen som tidlegere har hatt en laktoseintoleranse tåler å drikke denne melken». Veit dei kva dei snakkar om når dei hevdar proteinstrukturen styrer korleis vi tåler karbohydrat i mjølka?

Gras og gras

Gras er heller ikkje berre gras. Kor miljøvennleg graset er, heng mellom anna saman med om kua kjem til graset eller graset til kua. Kolonihagen hevdar at dei nederlandske kyrne beitar, og vi har ingen grunn til å tru at det ikkje stemmer. Men, sidan vi no er på djevelens-advokat-sporet, skal vi halde fram med å spørje: Kva gras beitar kyrne på?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement