Hyse
Fisken som må settast pris på for å vere verd noko.
Hyse eller kolje? Same det, vel.
Foto: Siri Helle
I alle dagar! Eit stort hol i allmennkunnskapen er nett oppdaga: Kolje er det same som hyse. Her har ein gått og trudd at kolje skal røykast og serverast med kvit sos og kokt gulrot, medan hyse skal malast til farse og steikast til fiskekaker, serverte med smelta smør og rå gulrot. Og så syner det seg at det i røynda er same fisken, som altså kan serverast på nett kva måte ein vil. Godt ein ikkje vert for gamal til å lære.
Årsaka til min nyvunne kunnskap var konklusjonen i NOFIMA-rapporten «Regulering og kvalitet på fiske etter hyse»: I fiskerinasjonen Noreg slepp 17.000 tonn kvotepliktig hyse unna kvart år.
Et meir hyse
Hyse er, med vår noverande kunnskap, ein berekraftig hausta torskefisk. Ho lever på botnen, som regel ein stad mellom 40–300 meter under havoverflata, og et det meste ho finn der nede – større mat di meir ho veg. Ei hyse kan verte over meteren lang og nærare tjue kilo. Er du så heldig å få henne over ripa, kan du kjenne henne att på eit tydeleg overbitt og ein svart flekk på sida av kroppen rett under fyrste ryggfinnen.
Sidan hysa i havet lever så tett på kameratane torsken og seien, heng kvotane deira saman òg – i det minste nord for 62. breiddegrad. Ein skal sleppe å måtte kaste bifangst over bord om ein får hyse i staden for torsk på lina eller i garnet – for det vil ein mest truleg få.
Det vil likevel ikkje seie at kvaliteten på fisket ikkje heng saman med kva ein i hovudsak fiskar på, syner NOFIMA-rapporten. Dei finn at for mykje hyse vert tatt som bifangst; han blir ikkje prioritert og får difor dårleg kvalitet. Men dei går hakket lenger: «Effektivitet prioriteres foran kvalitet.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.