JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hubbard-kylling

Er litt betre enn veldig dårleg godt nok?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein kylling er ein kylling er ein kylling? Kyllinggen i Kina og kyllinggen i Noreg kan ved alle høve fint kome frå same produsent.

Foto: Greg Baker/AP/NTB scanpix

4060
20180216
4060
20180216

Rema 1000 er midt i lanseringa av ein ny kylling. Han heiter Hubbard JA 787 og vert produsert hjå Remas heileigde verksemd Norsk Kylling. Dei kring 150 produsentane som leverer til verksemda, skal bytte kylling-
rase frå hurtigveksande Ross 308 til det som skal vere ein meir saktevaksen, friskare, livlegare og meir aktiv kylling.

Og Hubbard har vorte hylla spaltemeter opp og spaltemeter ned dei siste vekene. Særs få kritiske spørsmål har blitt stilte, og endå færre svar er gitte. Det er både rart og ikkje rart i det heile.

At det ikkje er rart i det heile, er sjølvsagt på grunn av det svake utgangspunktet kyllingnæringa har. Hubbard er openbert eit steg i ei retning. Kanskje er retninga til og med riktig. Men når startpunktet er Ross 308-kyllingen, er det på langt nær sikkert at endringa er stor nok til å gjere utslag på konklusjonen.

To sider av same sak

Den manglande kritikken vert rar når ein byrjar å sjå nærare på kva Hubbard er for noko. På same måte som Ross er han ein hybrid, det vil seie eit individ som er kryssa fram for å ha særlege eigenskapar i ein generasjon. Om Hubbard eller Ross hadde vakse seg så store at dei la egg, ville ein ikkje kunne bruke egga vidare i produksjonen av verken verpehøner eller slaktekyllingar.

Gjennom denne forma for avl har ein fått heilt ekstremt effektive produksjonsdyr. Dette gjeld både Ross og Hubbard; skilnaden er at Hubbard veks 20 prosent saktare og difor får leve 30 prosent lenger enn Ross. Tanken er at ein kylling som veks saktare, får færre skjelettproblem og større sjanse til å vere kylling medan han er i live. Og det er det jo noko i, på individnivå og innanfor dei særs avgrensa rammene eit kyllingliv har: klima- og lysstyrte hallar med strø på golvet, halmballar, pelletert kraftfôr i fat og leikestativ. Men er dette verkeleg nok for ein gamal jungelfugl? Og kva med systemet han heilt utan å vite det, er ein del av?

like mykje soya

Eigaren av hybriden Ross er fjørfegiganten Aviagen, som er verdens største produsent av slaktekyllingar. Eigaren av Hubbard var fram til i fjor franske Group Grimaud. For eit års tid sidan kunne ein altså sagt at å gå over frå Ross til Hubbard var ei motvekt mot den sterke sentraliseringa i fjørfemarknaden. Det kan ein ikkje lenger: Aviagen overtok Hubbard i desember i fjor. Truleg auka dei mark-
nadskontrollen sin frå kring halvparten til over to tredjedelar av verdsmarknaden.

Genetisk skal dei to produksjonane haldast frå kvarandre. Produksjonen av Hubbard-kyllingar skal gå føre seg som før. For marknaden, og ikkje minst konkurransen i han, er det likevel klart at overtakinga har eitt og anna å seie: mellom anna har det britiske konkurransetilsynet opna sak, for å greie ut om situasjonen kan forventast å gje «ei vesentleg nedsetting av konkurransen innanfor ein kva som helst slags marknad eller marknaden i Storbritannia».

Frå åtte til to

I år 2000 hadde verda åtte globale fjørfeselskap. No har vi to: Aviagen og Cobbard. Kor lenge vågar vi å halde fram? Vert dette systemet berekraftig? Kva skal, til dømes, dei nye saktevoksande kyllingane ete?

Jo, dei skal ete nett det same som andre kyllingar: korn og soya. Norske Felleskjøp er inne på problemstillinga i rapporten «Rom for bruk av norsk korn» (2017): «Det er en viss fokus på å benytte sakte-
voksende hybrider. Disse vil slaktes etter ca. 50 dager og vil sjølsagt bruke mye mer fôr en dagens hybrider. Fôr til saktevoksende hybrider vil bruke relativt mer korn og mindre soya, likevel vil soyamengde totalt per kg kjøtt neppe bli redusert. (...) I dagens situasjon er dette en kornmengde en ikke har og det ville derfor bety økt import av korn og kornråvarer».

Hubbard JA 787 er eit klassisk døme på at ein ikkje gjer eit grunnleggande lite berekraftig system riktig ved å endre ein liten del av det. Meir genetisk likskap er det siste verdas matproduksjon treng. Reitan får ikkje noko hurra frå meg.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I år 2000 hadde verda åtte globale fjørfeselskap. No har vi to. Kor lenge vågar vi å halde fram?

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis