Hubbard-kylling

Er litt betre enn veldig dårleg godt nok?

Ein kylling er ein kylling er ein kylling? Kyllinggen i Kina og kyllinggen i Noreg kan ved alle høve fint kome frå same produsent.
Ein kylling er ein kylling er ein kylling? Kyllinggen i Kina og kyllinggen i Noreg kan ved alle høve fint kome frå same produsent.
Publisert

Rema 1000 er midt i lanseringa av ein ny kylling. Han heiter Hubbard JA 787 og vert produsert hjå Remas heileigde verksemd Norsk Kylling. Dei kring 150 produsentane som leverer til verksemda, skal bytte kylling-
rase frå hurtigveksande Ross 308 til det som skal vere ein meir saktevaksen, friskare, livlegare og meir aktiv kylling.

Og Hubbard har vorte hylla spaltemeter opp og spaltemeter ned dei siste vekene. Særs få kritiske spørsmål har blitt stilte, og endå færre svar er gitte. Det er både rart og ikkje rart i det heile.

At det ikkje er rart i det heile, er sjølvsagt på grunn av det svake utgangspunktet kyllingnæringa har. Hubbard er openbert eit steg i ei retning. Kanskje er retninga til og med riktig. Men når startpunktet er Ross 308-kyllingen, er det på langt nær sikkert at endringa er stor nok til å gjere utslag på konklusjonen.

To sider av same sak

Den manglande kritikken vert rar når ein byrjar å sjå nærare på kva Hubbard er for noko. På same måte som Ross er han ein hybrid, det vil seie eit individ som er kryssa fram for å ha særlege eigenskapar i ein generasjon. Om Hubbard eller Ross hadde vakse seg så store at dei la egg, ville ein ikkje kunne bruke egga vidare i produksjonen av verken verpehøner eller slaktekyllingar.

Gjennom denne forma for avl har ein fått heilt ekstremt effektive produksjonsdyr. Dette gjeld både Ross og Hubbard; skilnaden er at Hubbard veks 20 prosent saktare og difor får leve 30 prosent lenger enn Ross. Tanken er at ein kylling som veks saktare, får færre skjelettproblem og større sjanse til å vere kylling medan han er i live. Og det er det jo noko i, på individnivå og innanfor dei særs avgrensa rammene eit kyllingliv har: klima- og lysstyrte hallar med strø på golvet, halmballar, pelletert kraftfôr i fat og leikestativ. Men er dette verkeleg nok for ein gamal jungelfugl? Og kva med systemet han heilt utan å vite det, er ein del av?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement