Hotsauce
Hipt og hot har to ting felles: Dei toler ikkje å spreiast for tynt.
Det finst ei verd av sterke smakar der ute – og det er berre å hoppe i det.
Foto: Erik Daniel Drost/Wikimedia Commond
Kva er det hippaste du kan finne på i matvegen for tida? Problemet med eit slikt spørsmål er sjølvsagt at så fort du har svara på det, er svaret feil, fordi ingenting er hipt om nokon har sagt høgt at det er det.
Berre sjå på nettartikkelen «Who killed Sriracha?» frå 2016, som handlar om at når ein får kjøpt sriracha-T-skjorter på nærast kvar einaste kjedebutikk, er det ikkje kult å ete den trendy chilisausen sriracha lenger. For det er ingenting hipsterar – og dermed internett, sidan det er hipsterane som i stor grad styrer den digitale røyndomen – hatar meir enn «an indie going mainstream».
At sterke chilisausar har vorte populært, skal vi likevel fyrst og fremst vere takksame for: Det har synt oss at chili er så mykje meir enn berre éin ting – og ikkje minst så mykje meir enn berre sterk. Det fins chili i alle styrkegrader, søt og sur og bitter, grøn, gul, raud, lilla og svart. Og jau, mange av dei kan dyrkast i Noreg.
Farge på kvardagen
Altså er det ikkje noko i vegen for at sjølv vi som ein gong syntest paprikaen på grandisen var for sterk, skal få vere øyreutblåsande trendsettarar. For det er noko med sterk chili – det set bokstavleg tala farge og spenst på kvardagen. Ein fiskepinne til vesle Øystein, ein fiskepinne med habanerosaus til mor. Den gamle risresten får nytt liv saman med litt naturellyoghurt og ei skei sriracha. Keisame grillribber vert ein fest med litt røykt chipotle.
Det heile skal sjølvsagt ikkje vere nokon konkurranse i kven som vågar sterkast mogleg, men likevel: eit høve til å utfordre seg sjølv og prøve noko litt nytt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.