JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hotsauce

Hipt og hot har to ting felles: Dei toler ikkje
å spreiast for tynt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det finst ei verd av sterke smakar der ute – og det er berre å hoppe i det.

Foto: Erik Daniel Drost/Wikimedia Commond

3807
20180706
3807
20180706

Kva er det hippaste du kan finne på i matvegen for tida? Problemet med eit slikt spørsmål er sjølvsagt at så fort du har svara på det, er svaret feil, fordi ingenting er hipt om nokon har sagt høgt at det er det.

Berre sjå på nettartikkelen «Who killed Sriracha?» frå 2016, som handlar om at når ein får kjøpt sriracha-T-skjorter på nærast kvar einaste kjedebutikk, er det ikkje kult å ete den trendy chilisausen sriracha lenger. For det er ingenting hipsterar – og dermed internett, sidan det er hipsterane som i stor grad styrer den digitale røyndomen – hatar meir enn «an indie going mainstream».

At sterke chilisausar har vorte populært, skal vi likevel fyrst og fremst vere takksame for: Det har synt oss at chili er så mykje meir enn berre éin ting – og ikkje minst så mykje meir enn berre sterk. Det fins chili i alle styrkegrader, søt og sur og bitter, grøn, gul, raud, lilla og svart. Og jau, mange av dei kan dyrkast i Noreg.

Farge på kvardagen

Altså er det ikkje noko i vegen for at sjølv vi som ein gong syntest paprikaen på grandisen var for sterk, skal få vere øyreutblåsande trendsettarar. For det er noko med sterk chili – det set bokstavleg tala farge og spenst på kvardagen. Ein fiskepinne til vesle Øystein, ein fiskepinne med habanerosaus til mor. Den gamle risresten får nytt liv saman med litt naturellyoghurt og ei skei sriracha. Keisame grillribber vert ein fest med litt røykt chipotle.

Det heile skal sjølvsagt ikkje vere nokon konkurranse i kven som vågar sterkast mogleg, men likevel: eit høve til å utfordre seg sjølv og prøve noko litt nytt.

Like sikkert som at noko ikkje er hipt og trendy når alle veit om det, er det at noko er vorte hipt og trendy når daglegvarekjedene lagar sine eigne variantar av produktet. Difor er det ikkje noka overrasking at eg kjem over Hot Sauce Fruity Habanero i hyllene hjå Rema 1000. Sjølvsagt må dei kaste seg på trenden, og det gjer dei med ei billegutgåve. Sausen er del av Remas storsatsing grillserien. Difor kostar ikkje 150 ml-flaska meir enn 15 kroner. Ti øre per milliliter, altså.

Så står det att å sjå om det er mogleg å få god, sterk saus så billeg. Vel. Apropos paprika på grandis: Sausen smakar slik – med eit snev av barnemat på glas som nokon har mista nokre tørre chiliflak oppi. Det er gjerne ikkje så rart, når hovudingrediensen er vatn og 18 prosent av flaska er gulrot. Barnematgulrot og utvatna chilismak, altså. Og berre for å ha det på det reine: Å sette til vatn vatnar ikkje ut chilien. Chilien er like potent, men berre utan støttande smakar å berge seg inn på. Sjølv om dei kallar sausen «fruktig», er det inga frukt å finne i han.

Fermentert omtanke

Det er berre éin grunn til å vatne ut sterk saus: å presse prisen. Det er ein dårleg idé. Noko som skal vere akkurat så sterkt at ein berre akkurat klarar bitte lite grann, burde i staden vere eit perfekt høve til å verdsette kvalitet.

Det kan ein til dømes gjere med Midsummer Hot Sauce produsert av tre kameratar frå og i Stavanger. Her òg er utgangspunktet habanero, som er den sterkaste av dei vanlege chilivariantane, og frukt – men her meir enn berre i namnet: Habanero er blanda med ananas, lauk, kvitlauk, eddik, salt og krydder og fermentert i ni månader. På denne tida har sausen rokke å produsere fleire smakar enn eg tør prøve meg på å skildre her: Men Rema kan gå og legge seg. At Midsummer-flaska kostar ti gonger meir for ein tredjedel mindre enn Rema-flaska, er berre å forvente: Somme tider skal ein late seg forføre av mat. Sterke smakar krev sterke kjensler.

Kjøper eg Remas Hot Sauce Fruity Habanero? Nei takk, eg lener meg i staden mot ekte styrke og krut i Midsummer Hot Sauce.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er berre éin grunn til å vatne ut sterk saus: å presse prisen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis