JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hoppa, sa hermegåsa

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2371
20180126
2371
20180126

Herming er ein innfløkt aktivitet med tvilsamt ry. Visst kan me herma på mildt og udramatisk vis, til dømes når me umedvite tek etter foreldra våre. Men om me dreg inn hermeteikna, fløkjer det seg til. Hermeteikna er gode å ha når me vil merkja ut eit sitat på ein ryddig og fin måte, men me kan òg bruka dei til å målbera mistru eller beint fram spotta nokon – sa «eksperten» og skreiv vidare på «artikkelen» sin. Elles veit me at det som regel er greitt å herma nokon (sitera dei), men ugreitt å herma etter dei. Ja, då er det vel sant at herming er innfløkt? Det er so sant som eg står her, sa guten; han sat og laug.

Hermesteva skal me koma attende til. Fyrst må me gjera oss betre kjende med herma, men det er lettare sagt enn gjort, for det einaste me veit for visst om opphavet til dette ordet, er at det er uvisst. Ein teori er at herma høyrer i hop med substantivet harm, som har grunntydinga ‘sorg, smerte’. Herma kan då ha endra tyding frå ‘skada med ord’ til ‘krenkja, spotta med å apa etter’ til ‘apa etter, etterlikna’. Me kan i alle fall slå fast at ljodhermande ord etterliknar – ikkje spottar – ein ljod.

Dei som har evne og hug til å herma, kan smykka seg med namn som hermar, hermegast, hermefugl, hermegås og hermekråke. Slike kråker finn me i norrønt òg. I Soga om Gisle Sursson står det at Gisle er «in mesta hermikráka» (ei hermekråke so stor som nokon). Retteleg spottande og skjemtande herming kan me kalla skalkeherming, av substantivet skalk (norr. skalkr ‘tenar; slyngel, prettemakar’).

So har me hermestevet. Det opnar med ei utsegn (ofte eit kjent munnhell) som vert kopla til ein talar, so kjem ei skildring av situasjonen utsegna vart ytra i. Sistelekken plar bryta sterkt med det som er forventa og sømeleg, og der ligg den komiske verknaden. «Jammen sa eg smør, sa kjerringa; ho gjorde i kinna.» «Då vart det stilt, sa mannen; han baud kjerringa fram på auksjon.» Aasen skreiv at hermesteva «kunne da ofte være morsomme nok, men have forøvrigt kun lidet Værd». Ja, livsvisdom er det kanskje smått med i desse steva. Men ein lått gjer òg godt. Og stundom vert det mestsom ei framhaldssoge: «Betre rauvlaus enn rådlaus, sa kjerringa; ho turka av bordet med katta.» «Forandring frydar, sa katta; ho turka av bordet med kjerringa.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis