Hønsebuljong
... eller ei høne å plukke med buljongprodusentane.
Med så mange høner til overs, er det ikkje litt rart at det ikkje er meir høne i hønsebuljongen?
Foto: TT / NTB scanpix
Det er litt trist i seg sjølv: at buljonghylla på butikken er så dørgande sørgeleg. For buljong er jo eigentleg så bra. Ressursmessig fordi ein ved å late beina syde i nokre timar etter at det meste av kjøtet har kome av, får tak i næringsstoff ein elles ikkje ville funne. Menneskemessig fordi desse næringsstoffa er bra for oss: i margen sit sunt feitt og i sjølve beina sunne protein. Praktisk fordi det smakar godt, høver til mykje og gjer dei aller fleste rettane betre.
Buljongane eg finn i buljonghylla på butikkane, fyller kanskje eit halvt av desse tre krava: Han kan få eksisterande mat til å smake betre. Det kan han fordi han nærast utan unntak inneheld gjærekstrakt, som inneheld glutamat, som i seg sjølv forsterkar smakar. Gjærekstraktet får likevel berre eit halvt poeng, sidan det ikkje tilfører noko, men berre forsterkar.
Kva er det då i dei små terningane? At det er ein god del salt, merkar vi fort. Så er det bindemiddel – stivelse, kjend for å ikkje smake nokon ting, maltodekstrin eller andre former for sukker, aroma, fordi noko må det smake. Når innhaldet av dyret buljongen er tenkt å smake av, avgrensar seg til nokre få prosent, har ein ikkje anna val. Så er det gjerne nokre krydder og kanskje ei grønsak eller to.
Lite å verte glad av
Ikkje særleg mykje å verte verken glad eller sterk og sunn av, med andre ord. Så vert det hakket tristare – eller beint ut merkeleg – i det eg kjem over hønsebuljong som ikkje inneheld eit plukk høne.
Buljongen eg sørger over, er produsert av giganten Nestlé under merkevara Maggi. På pakningen er det både namnet «Klar hønsebuljong» og teikning av ein kvit fugl med stor, raud kam på hovudet. Teikninga kan godt vere av ein kylling (slaktemodne kyllingar er kvite, ikkje gule, og har kam og slikt), men trekker likevel assosiasjonane meir i retning høneverda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.