Honning

Om du må ha med deg laboratorium i butikken, har honningen din reist for langt.

Kjøp honning som er produsert lokalt.
Kjøp honning som er produsert lokalt.
Publisert

Det er ikkje fyrste gong eg er forvirra i daglegvarebutikken. I dag er det likevel litt verre enn gjennomsnittet. «Flytende fjellhonning» står det på flaska eg har i handa. Ho er produsert av det norske honningsamvirket Honningcentralen. Noreg har mange fjell. Men nektaren biene hentar der, skal då ikkje gje flytande honning?

Kva konsistens honning får, kjem an på samansetninga av karbohydrat i honningen: Mykje glukose gjev ein krystallisert, fast honning, medan ein større del fruktose gjev ein meir flytande honning som kan hellast ut av ei flaske. Og kva karbohydrat som kjem i honningen, kjem i sin tur an på kva vekstar biene har henta nektar frå.

Den veksten som er mest brukt for å få flytande honning, er akasie – ei slekt av buskar og tre i mimosafamilien, som i stor grad vert dyrka på plantasjar i Asia og Afrika. Norsk flora gjev nærast utelukkande fast honning.

Fjellhonningen eg står med i handa, er heller ikkje norsk. «Blanding av honning fra land utenfor EØS» står det på baksida av flaska, medan det på nettsida til Honningcentralen står «hentet fra fjellområder i Brazil (sic)». Kan vi då stole på at det er fjellhonning vi får?

29 prosent juks

EU har eit kontroll- og overvakingsprogram for marknadsføring av honning. Årsaka er at ein tidlegare har funne store mengder juks i honningkrukkene som er til sals på den europeiske marknaden. Rapporten kom i vår, og han viste ei eller anna form for juks eller manglar i 14 prosent av produkta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement