Honning
Om du må ha med deg laboratorium i butikken,
har honningen din reist for langt.
Kjøp honning som er produsert lokalt.
Foto: NTB scanpix
Det er ikkje fyrste gong eg er forvirra i daglegvarebutikken. I dag er det likevel litt verre enn gjennomsnittet. «Flytende fjellhonning» står det på flaska eg har i handa. Ho er produsert av det norske honningsamvirket Honningcentralen. Noreg har mange fjell. Men nektaren biene hentar der, skal då ikkje gje flytande honning?
Kva konsistens honning får, kjem an på samansetninga av karbohydrat i honningen: Mykje glukose gjev ein krystallisert, fast honning, medan ein større del fruktose gjev ein meir flytande honning som kan hellast ut av ei flaske. Og kva karbohydrat som kjem i honningen, kjem i sin tur an på kva vekstar biene har henta nektar frå.
Den veksten som er mest brukt for å få flytande honning, er akasie – ei slekt av buskar og tre i mimosafamilien, som i stor grad vert dyrka på plantasjar i Asia og Afrika. Norsk flora gjev nærast utelukkande fast honning.
Fjellhonningen eg står med i handa, er heller ikkje norsk. «Blanding av honning fra land utenfor EØS» står det på baksida av flaska, medan det på nettsida til Honningcentralen står «hentet fra fjellområder i Brazil (sic)». Kan vi då stole på at det er fjellhonning vi får?
29 prosent juks
EU har eit kontroll- og overvakingsprogram for marknadsføring av honning. Årsaka er at ein tidlegare har funne store mengder juks i honningkrukkene som er til sals på den europeiske marknaden. Rapporten kom i vår, og han viste ei eller anna form for juks eller manglar i 14 prosent av produkta.
Noreg var òg med på undersøkinga. Mattilsynet testa 64 ulike honningprodukt. I 19 av dei var det avvik på merkinga, som til dømes at dei ikkje var merkte med åtvaring mot å gje honning til born, geografisk opphavsmerking eller merking på norsk. Verre er det likevel at 19 av prøvene – 29 prosent, altså godt over snittet i Europa – synte kvalitetsavvik.
Ein av honningane synte seg å vere ei forfalsking: Det vil seie at han er tilsett sukker. To prøver hadde feil geografisk opphav. Tre prøver hadde for dårleg kvalitet til å kunne omsetjast som bordhonning, til dømes inneheldt dei for mykje gjær.
Botanikk avgjer
13 av prøvene svara ikkje til den botaniske opphavet som låg i namnet. Kva vekstar biene i størst grader pollinerer og haustar, heng ikkje berre saman med karbohydratsamansetjinga. Det avgjer heile produktet: konsistens, smak, lagringshøve og næringsinnhald – 181 ulike nærings- og aromastoff er identifiserte i honning. Kvar honning er unik. Tek ein seg tid til å smake, kan ein finne ut at ein likar ein honning betre enn ein annan.
Men då må ein altså vere sikker på kva ein smakar på. Trass i kva internettet kjem til å prøve å fortelje deg om du googlar, er det berre éin sikker måte å finne ut kva honning som faktisk er på flaska eller glaset: Ta honningen med til eit laboratorium og analyser han der.
Vi kan ikkje byrje å ha med oss laboratorieutstyr på butikken. Men vi kan byrje å handle honning hos folk vi kjenner – eller i det minste honning produsert så nær oss som mogleg. For det er jo tullete å betale for juks. Ikkje minst når somme prøver å gjere det skikkeleg.
Honning kan dessutan produserast absolutt overalt. Vi er lysår unna å ha for mange pollinatorar kring oss, og det er ingen som helst grunn til å sende honning frå fjella i Brasil eller andre land til Noreg.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvar honning er unik. Tek ein seg tid til å smake, kan ein finne ut at ein likar ein honning betre enn ein annan.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.