Hjort
Hjortekjøt kan ikkje forvekslast med noko anna.
Heldigvis for ho er denne kolla skoten med kamera denne gongen.
Foto: Charles J. Sharp / Wikimedia Commons
Denne spalta skal handle om maten vår. Din og min mat. Berre ikkje i dag. For dette kjøtet er nesten berre mitt, og nett slik det hende denne gongen, kjem aldri til å hende att.
Det nokre tusen mål store terrenget er haustkledd. Frå ei våt, skoddedekt natt vaknar det til i oransje og brunt, det som eigentleg er vakkert, er òg litt i vegen: I slike fargar skjuler hjorten seg godt. Legg på lågt skydekke og nesten vindstille, så har hjortejegeren fått ei utfordring.
I nordenden av fjelltoppen snør det store, våte flak. Frå sørenden fyk ein liten regnbogeflik fort over havoverflata, men ikkje ein einaste hjort er å sjå. Ikkje så mykje som eit øyre, berre spor og drit, ferske, brune perler. Perlene er på den eine sida eit håp, dyra er her, ein eller annan stad. På den andre sida peikar dei nase til oss der dei ligg: Eg var her, ja, men no er eg ein heilt annan stad, for eg har full kontroll på dykk. Trur du de kan finne meg? Eg som kjenner dette terrenget så mykje betre og har så mykje skarpare sanseapparat enn de?
Inn i skogane
Nei, det er ikkje ein dag for fjelltoppane, det er dagen for å kome seg inn i skogane, og her er mange av dei. Kven skulle tru at skogane var så mangfaldige? Her, berre eit augnekast frå storhavet, kan dei vere bjørkeskogar, dei kan vere høge, rette furuer fulle av tømmer, eller knortete kystfuruer som veit å vende ryggen til vinden, her er blandaskog med osp og jammen ei og anna eik innimellom.
På flatene er det god plass mellom trestammane, greitt å gå, men inne i liene tettare, ikkje godt å vite kva som er over neste knaus, plutseleg ei steinur, eit lite dalsøkk, ein haug, lia er mange gonger større enn ho ser ut frå utsida. Vi må inn i dette, kan ikkje velje den enkle naturen no, det er vorte midt på dagen, og hjorten ligg, djupt inni her kviler han seg i slikt vêr, og det er bra, for her er grovt og vakkert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.