Frå historia

Hesten som historieskrivar

Mongolar og kinesarar i eit slag i 1211, tolka av kunstnaren Sayf al-Vahidi.
Mongolar og kinesarar i eit slag i 1211, tolka av kunstnaren Sayf al-Vahidi.
Publisert

Kven er det som skaper historie? Jesus og Muhammed? Newton og Einstein? Napoleon og Hitler? Otto von Bismarck og Einar Gerhardsen? Henry Ford og Sam Eyde?

Historia nektar å svare på slike spørsmål. Historia er ein stor materiemasse som vi sjølv må ordne. Ho forklarer ingen ting sjølv.

Det er to faktorar som avgjer kva vi får ut av historia, kva forklaringar vi finn. Det er for det første kva som finst der vi leitar, kva kjeldene kan fortelje. For det andre er det spørsmålet om kva vi leitar etter. Men funna våre må vi sjølv ordne.

Store aktørar kan vere små og anonyme. I 1349 kraup ei rotte ut av eit skip og inn på i land i Bergen. Ho hadde lopper i pelsen, og desse loppene var vertar for ein ørliten basill, Pasteurella pestis. Denne basillen er ein av dei store historieskaparane i norsk historie. Han tok livet av bortimot to tredelar av folket i landet, og det tok 150 år før folketalet tok seg opp att. Basillen har fått stor plass i historiebøkene.

Det er mange slike anonyme historieskaparar om vi berre ser etter dei. Lofottorsken er ein annan. Han har forma busetnaden på delar av den norske kysten.

Ein annan slik historieskapar er hesten. I nokre tusenår forma han asiatisk og europeisk historie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement