Hermetiske tomatar

Boks er bra.

Kokte tomatar kan gjerne kome frå boks.
Kokte tomatar kan gjerne kome frå boks.
Publisert

Ja, det er kvardag att. Ja, han kom fort. (Var nokon eigentleg heilt klare?) Dagane som seig forbi i eit enormt rom av berre tid, var framleis gode, men forbi. Attende var gjeremåla, avtalane, møta, forpliktingane og etterskota.

Igjen skal middagen på bordet kvar dag, men fyrst må vi igjen haste oss gjennom butikken eit kvarter for seint, igjen har vi ikkje alltid tid til å lese alt som står med altfor lita skrift på kvar einaste pakning. (Brillene ligg sjølvsagt att i bilen – eller vart dei att på kontorpulten i dag?) Og igjen kjem vi heim med noko anna enn vi eigentleg ville ha, fordi dei fordømde pakningane er så fordømt like.

Store havregryn som må kokast i ei æve når ein eigentleg ville ha slike små som berre må dyppast i gryta. Lettost i staden for vanleg. Kalkunpølse i staden for servelat. Fallgruvene er mange, men verst, vil eg likevel påstå, er det i tomathylla.

For det finst ei eiga tomathylle i nærast kvar einaste daglegvarebutikk, og det i seg sjølv er jo ganske fantastisk. Det same er innhaldet i hylla.

Kok dei fri

Hermetikk er mat i lufttett emballasje. Den franske konditoren Nicolas Appert berga truleg fleire liv enn dei fleste legar då han på byrjinga av 1800-talet fann opp ein metode for å sterilisere – ikkje berre koke – hermetikken. Tidlegare vart maten kokt, men gjerne smitta igjen på veg inn i emballasjen. Ved å varme sjølve boksen med innhald under trykk vart alt heilt reint.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement