Heimelaga vatn
Vatn med kolsyre er ein liten drope sadomasokisme på kjøkkenbenken.
Vatn pluss bobler, men utan smakstilsetting.
Hestar vil ikkje ha det. Aper vil ikkje ha det. Ja, sjølv mus får ein ikkje til å drikke vatn med kolsyre, truleg fordi dei forbind karbondioksid med rotning. Vi menneske, derimot, ser ikkje berre forbi denne faren; vi er så glade i vatn tilsett karbondioksid at vi investerer i dyre dommar i maskiner som gjer det som eigentleg er temmeleg gratis (vatn i springen), temmeleg dyrt (ei Sodastream-maskin kostar mellom 700 og 1400 kroner).
Det er likevel lite evolusjonært gale i suget vårt etter bobler. Tvert om syner det at vi menneske har evne til å nyansere: CO2 i vatn har ingenting med noko som rotnar å gjere. Men litt småskummelt kan det likevel vere.
Utan den sure svie
For kva er det eigentleg som gjer at vi er så glade i drikke som boblar? Forsking syner at det truleg har lite med boblene i seg sjølv å gjere. Forsøkspersonar set nemleg like mykje pris på kolsyrevatnet når dei drikk det i eit trykksett rom der dei ikkje kan kjenne at boblene sprekk i munnen.
Kanskje kan det vere at kolsyra gjer at vatnet kjennest kaldare utan å ha dei uønskte kvalitetane ved å faktisk vere det, men her er ikkje forskarane heilt sikre.
Det dei derimot er sikre på, er ein effekt av å sette karbondioksid til vatn: Det utviklar karbonsyre. Karbonsyre reagerer med dei av smakscellene i munnen som smakar surt. Men ho stoppar ikkje der: Karbonsyra tek seg rett og slett den fridomen å trykke aldri så lite på smertesensorane vi har bakarst i munnen og i nasen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.