Heimegrønsaker

Du treng ikkje gard for å dyrke grønsaker. Ikkje eingong hage. Og ikkje minst: Du treng ikkje plastsett frå Plantasjen.

Smått er godt om våren. Men held det gjennom heile vekstsesongen?
Smått er godt om våren. Men held det gjennom heile vekstsesongen?
Publisert

OK, Nord-Noreg, denne spalta er truleg ikkje for dykk. De får lukke auga, sjå ein annan veg eller rett og slett stå i det, for no må eg få det ut: Våren er her, og du hildrande kor godt det er.

Lamma på bøane kjempar med bjørka om å sprette høgast og kjappast, kusymrene gjer liene gule, gåsa ligg på egga, og i jorda nærmar temperaturen seg endeleg lagleg for sommarens største utfordring: kjøkenhagen.

Ja, det vert nok ekstra spesielt i år, sjølv om ideen ikkje er ny: Dei siste åra har stadig fleire planta og sådd nyttige, etelege vekstar. I hage og kring hus, i verandakassar og vindaugskarmar har det spira, vokse og vorte hausta ikkje berre tomat, agurk, urter og potet, men eksotiske vekstar som mais, superdupersterk chili, vindruer, graskar, melon og artisjokk.

Kanskje er det til og med, på somme vis, enklare å drive med eksperimentell dyrking i liten skala: Når ein berre har nokre få kvadratmeter å passe på, seier det seg sjølv at ein har meir tid til kvar enkelt plante enn om grønsaksåkeren strekker seg over fleire hektar. Ein kan dekke over akkurat den aspargesplanta som slit litt med nattekulda, og plante melon inne i den varme, lune kroken, til dømes. Slikt kallast smådriftsfordelar.

Langreist jord

Å kunne hauste av desse fordelane fordrar likevel eit minimum av kunnskap – og uthald. Om vi ser vekk frå vekstar som reddik og blomkarse, er vekstsesongen temmeleg lang: Det tek si tid frå potetene er sett, grønkålen sådd og den vesle brokkolien nøye planta ut i verandakassen, til vi kan hauste av godane. Men heile tida må vi vakte dei: mot brunsniglen, mot nattekulda, mot tørken og ikkje minst mot ugraset. Luking er ein einsformig jobb, og mang ein hobbygartnar har nok kjent engasjementet svinne når ferien nærmar seg, og du verda så overgrodd det heile vart etter langhelga som vart til ei veke på hytta. At det heile i utgangspunktet er eit overskotsprosjekt, sidan vi ikkje er økonomisk avhengige av produksjonen, gjer det lett å konkludere med at nei, dette var visst ikkje for oss.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement