JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Heimegrønsaker

Du treng ikkje gard for å dyrke grønsaker. Ikkje eingong hage. Og ikkje minst: Du treng ikkje plastsett frå Plantasjen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Smått er godt om våren. Men held det gjennom heile vekstsesongen?

Foto: pxhere.com

4598
20200508
4598
20200508

OK, Nord-Noreg, denne spalta er truleg ikkje for dykk. De får lukke auga, sjå ein annan veg eller rett og slett stå i det, for no må eg få det ut: Våren er her, og du hildrande kor godt det er.

Lamma på bøane kjempar med bjørka om å sprette høgast og kjappast, kusymrene gjer liene gule, gåsa ligg på egga, og i jorda nærmar temperaturen seg endeleg lagleg for sommarens største utfordring: kjøkenhagen.

Ja, det vert nok ekstra spesielt i år, sjølv om ideen ikkje er ny: Dei siste åra har stadig fleire planta og sådd nyttige, etelege vekstar. I hage og kring hus, i verandakassar og vindaugskarmar har det spira, vokse og vorte hausta ikkje berre tomat, agurk, urter og potet, men eksotiske vekstar som mais, superdupersterk chili, vindruer, graskar, melon og artisjokk.

Kanskje er det til og med, på somme vis, enklare å drive med eksperimentell dyrking i liten skala: Når ein berre har nokre få kvadratmeter å passe på, seier det seg sjølv at ein har meir tid til kvar enkelt plante enn om grønsaksåkeren strekker seg over fleire hektar. Ein kan dekke over akkurat den aspargesplanta som slit litt med nattekulda, og plante melon inne i den varme, lune kroken, til dømes. Slikt kallast smådriftsfordelar.

Langreist jord

Å kunne hauste av desse fordelane fordrar likevel eit minimum av kunnskap – og uthald. Om vi ser vekk frå vekstar som reddik og blomkarse, er vekstsesongen temmeleg lang: Det tek si tid frå potetene er sett, grønkålen sådd og den vesle brokkolien nøye planta ut i verandakassen, til vi kan hauste av godane. Men heile tida må vi vakte dei: mot brunsniglen, mot nattekulda, mot tørken og ikkje minst mot ugraset. Luking er ein einsformig jobb, og mang ein hobbygartnar har nok kjent engasjementet svinne når ferien nærmar seg, og du verda så overgrodd det heile vart etter langhelga som vart til ei veke på hytta. At det heile i utgangspunktet er eit overskotsprosjekt, sidan vi ikkje er økonomisk avhengige av produksjonen, gjer det lett å konkludere med at nei, dette var visst ikkje for oss.

Er det for denne målgruppa plantevarehuset Plantasjen har laga Organic Growset-serien, skal tru? Pakningane lovar å innehalde alt du treng for å dyrke mellom anna reddik, lavendel, basilikum eller kjempegraskar.

Så kva er det for noko revolusjonerande i pakken, som er på storleik med eit A5-ark og om lag fire centimeter tjukk? Her er frø, sjølvsagt, økologiske, og ein pose med jord, i tillegg til ein svart plastboks med blankt plastlokk. Det heile har kome reisande frå Nederland, kor det er produsert.

Spørsmål nummer éin lyser mot oss: Er det trygt å hente jord i Nederland? Kan ho ikkje innehalde sjukdommar og skadedyr eit varmare kontinent er fullt av, og som vi ikkje vil ha inn i landet?

Her må vi likevel tenke oss om ein gong til, og innsjå at vi har eit regelverk og eit tilsyn som nok sørger for at jorda er varmehandsama og hygienisert slik at skadegjerarar ikkje får sleppe verken inn eller ut. Men spørsmål nummer to er ikkje like lett å avvise: Må vi hente jord frå Nederland for å dyrke i vår eigen hage?

Sjølvsagt må vi ikkje det. Mange av oss har jord i hagen, og ein kan kjøpe norsk, torvfri dyrkingsjord på mellom anna Felleskjøpet.

Sjå i skapet

Mest av alt treng vi likevel ikkje den plastboksen Plantasjen prøver å selje oss. I enkelte tilfelle, som med basilikum og lavendel, hevdar dei at plantene kan stå i den tre–fire centimeter djupe plastboksen heile vekseperioden. Det kan dei nok, men då kan dei like godt stå i kva som helst slags plastboks vi har heime.

Vidare seier Plantasjen at vi skal nytte det gjennomsiktige lokket til å lage eit minidrivhus i oppstartsperioden. Igjen ein god idé, som vi igjen kan løyse med produkt vi allereie har heime: Opn bokseskuffa eller -skapet ditt og fortel meg kor mange gjennomsiktige lokk du ser. Dei kan brukast, alle som eit.

Om det klør i kjøpefingrane no i våronna, kjøp heller eit miniveksthus du kan bruke i mange år. Det forlenger sesongen og gjer deg meir fleksibel – ein god eigenskap i ein lumsk, norsk sommarsesong.

Det viktigaste du kan gjere om du vil lukkast, er likevel heilt gratis – men det vil ikkje seie enkelt: Senk forventningane. Innsjå at ikkje alt du har sett i gong, vil lukkast. Men noko kjem du til å få til.

Eg har god tru på våren, sommaren og hausten 2020. Det er rett og slett ingen grunn til å ha noko anna – minst av alt dyrkesett frå Plantasjen.

 Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mang ein hobby­-

gartnar har nok

kjent engasjementet

svinne når ferien

nærmar seg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis