Frå matfatet
Havregryn
Fiber er bra, men ikkje til dobbel pris.
Havregryn er kvardagskost, og takk og pris for det.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Er det eller kjennest det i det minste litt som striskjorte og havrelefse for tida? Då er det kanskje på tide å finne ut kva det uttrykket eigentleg betyr. Ei striskorte har fint lite med mat å gjere – det er eit arbeidsplagg, ei skjorte sydd av grov lin, jute eller hamp. Altså eit plagg som kan vere temmeleg ubehageleg å ta på seg, men som vil mjukne i rørsle, som jo er det arbeid går ut på. Og her har vi nokre sanningsord med éin gong: Arbeid er ofte verst før ein kjem i gang.
Kva så med havrelefsa? Vi har lefser i kosthaldet vårt framleis, så vi veit kva det er. I det minste trur vi at vi veit det, at lefser er flatt bakverk som ikkje er hardt som flatbrød, men mjukt. Dette stemmer for havrelefsa, men der våre moderne lefser er fulle av feite meieriprodukt og fint mjøl, var havrelefsa baka på lite anna enn vatn, salt og grovt havremjøl.
Korleis smakar dette, skal tru? Lat oss ta endå eit steg opp att på trivselsstigen, for er det ein type mjøl som kan bere denne typen handsaming, er det truleg havremjølet. Der både bygg, rug og kveite kan smake både flatt, tørt og keisamt, har havre smak – havre smakar feitt og søtt og litt jordete, og det er ikkje så rart. For dei 5–7 prosentane med feitt som er i havre, er tre gonger så mykje feitt som i dei andre kornartane.
Saman med at havre er lettdyrkeleg og har vore det i tusen år, er nok dette ei av årsakene til at havre er det føretrekte graut- og frukostblandingskornet: Havregryn smakar godt. Sunt er det òg, feittet er av den snille typen, og fiberen har stort innhald av løyselege betaglukanar, som mellom anna har god påverknad på kolesterolet og gjer at stivelse vert saktare brote ned til sukker.
Verdas beste fiber
Ja, du skal rett og slett slite med å få tak i betre fiber enn den som er å finne i havregryn. Difor er det litt merkeleg at når Axa lager eit fiberhavregryn med endå høgare fiberinnhald enn dei andre variantane, gjer dei det ved å sette til kveitekli.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.