Havredrikk

Kor komplisert bør vi gjere det å ete miljøvennleg?

Du kan lage di eiga havremjølk, men då vert det vanskelegare å finne ut akkurat kor miljøvennleg ho er.
Du kan lage di eiga havremjølk, men då vert det vanskelegare å finne ut akkurat kor miljøvennleg ho er.
Publisert

«Show us your numbers», seier den svenske havredrikkprodusenten Oatly på sosiale medium for tida: «Syn oss tala dine», altså, og med det syner dei til andre matvareprodusentar som ikkje er like flinke, like miljømedvitne, like ærlege, som dei sjølve, som har rekna ut klimaavtrykket av alle produkta sine og trykker det på pakningane sine:

«Når du skal ut og fly er det ganske lett å finne ut nøyaktig hvor mange tonn karbondioksid det koster å ta både deg og den oppblåsbare flamingoen hele veien til for eksempel Tenerife. Samtidig er det omtrent umulig å få vite hvilken påvirkning forskjellige næringsmidler har på klimaet. Er ikke det litt rart?», spør Oatly.

Vanskelege spørsmål

Ja og nei, svarar eg. På ein måte bør matproduksjonen sjølvsagt ta sin del av ansvaret for eit for varmt klima. På ein annan måte er det ikkje så enkelt.

For éin ting er ei flyreise, der klimaavtrykket i stor grad er oppbrent fossilt drivstoff. Å brenne olje vi hentar opp frå jorda eller havbotnen, er å tilføre atmosfæren kring jorda meir CO2 enn ho har godt av, og det fører til global oppvarming som er skadeleg for dyr og økosystem og ikkje minst oss menneske (som kanskje vert mest skadelidande, til sjuande og sist). Det er ei forholdsvis enkel oppstilling av årsak og verknad som det ikkje skal altfor mykje til å sette opp eit reknestykke for. Her er få formildande omstende, så å seie.

Då må vi ha lov til å erkjenne at det er noko anna med biologiske, fornybare prosessar. Der må vi ta omsyn til at dyra er ein del av eit krinslaup skapt av jorda sjølv, eit system av utslepp og opptak, nedbryting og oppbygging, raping og anding, liv og død. Vi må hugse på albedoeffekten – korleis eit ope, lyst landskap reflekterer meir lys attende enn eit skogkledt, mørkt landskap – og at metan er ein heilt annan slags gass enn CO2, som mellom anna oppfører seg heilt annleis der ute i atmosfæren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement