Hamp
Kva er eigentleg gale med hamp?
Små, lovlege og kontroversielle: hampfrø utan skal. Små, lovlege og kontroversielle: hampfrø utan skal.
Foto: Wikimedia CommonsFoto: Wikimedia Commons
Jau, eg er skeptisk. Sjølvsagt er eg det – skeptisk til noko nytt, innført av eit alternativt miljø ikkje akkurat kjent for å basere utsegnene sine på anerkjent vitskap eller eingong prøvd praksis. Ei tid då det alternative miljøet finn det for godt å byrje å diskutere om jorda er flat eller rund, er kanskje ikkje den beste for etablerte politiske parti til å lansere dyrking av hamp som det nye store for norsk landbruk.
Men etter å ha gått råvara så nøye etter i saumane som eg klarer, er det einaste eg kan sette fingeren på, at ho ikkje vert dyrka i Noreg. Og nett den feilen er jo politisk, ikkje verken biologisk eller klimatisk.
Hamp er nemleg ikkje noko nytt i Noreg. At fartøyvern og tradisjonell reipslaging her til lands ikkje hadde vore mogleg utan hamp frå Kina, syner ikkje anna enn at det har vore råstoff her i mange år: Forskarar har gjort fleire funn som syner at det vart dyrka hamp i Noreg i lengre periodar. Størst er eit funn på jernaldergarden Sosteli i Vest-Agder, der forskarane meiner det var dyrka hamp i åra mellom 650 og 800.
Kva vart hampen brukt til? Forskarane trur ikkje han vart røykt, men veit sjølvsagt ikkje. Truleg var likevel hovudbruksområda tekstil og tauverk.
Men dette er jo ei matspalte. Har hamp noko å tilføre dette saksfeltet?
Spirefrie frø
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.