Frå matfatet

Gudbrandsdalsost

Eg skulle ynskje det var enkelt å vite kva Tine bør gjere med Gudbrandsdalsosten – men eg måtte tenkje litt.

Noko av det som gjer nordmenn til nordmenn: Einar, Gro – og brunosten. Treng vi tenke over kor brunosten er ysta?
Noko av det som gjer nordmenn til nordmenn: Einar, Gro – og brunosten. Treng vi tenke over kor brunosten er ysta?
Publisert

Skal Tine halde fram å produsere Gudbrandsdalsosten i Gudbrandsdalen, koste kva det koste vil? Diskusjonen går høgt om dagen.

Om ein skal tenkje på dei 17 tilsette ved meieriet, skal Tine sjølvsagt halde fram produksjonen. Det skal vege tungt, men ikkje tyngre enn verdien av alle dei andre arbeidsplassane Tine sørgjer for. Tine opererer i ein marknad, selskapet må gå rundt økonomisk, og ingen tener på at heile samvirket går over ende.

Ironisk nok er det denne tenkinga som er bakgrunnen for eit anna godt argument for å legge ned Gudbrandsdalsbrunost-produksjonen i Lom og Skjåk: At berre 10 prosent av Gudbrandsdalsosten vert produsert der i dag, medan 90 prosent vert produsert i Gloppen og Balsfjord.

Generisk ost

Med andre ord er det alt særs liten sjanse for at Gudbrandsdalsosten som ligg og sveittar på skivene i matpakken din, kjem frå Gudbrandsdalen. Likevel er det altså sterke krefter som kjempar for å halde på den vesle biten av ekte Gudbrandsdalsost-produksjon – og i spissen står kjendiskokk og gudbrandsdøl Arne Brimi.

Brimi snakkar om «moglegheiter med identitet» og seier til NRK at ein ikkje kan flytte Tromsø fotballag til Stavanger utan at laget mistar identiteten. Det er det same med brunost, meiner han. Det han snakkar om då, er altså identitet som kjensler, ikkje smak. For ikkje eingong Arne Brimi ville klart å smake skilnad på ein Gudbrandsdalsost kokt i Gudbrandsdalen og ein kokt i Balsfjord. Nei, ikkje eingong Anne Hov, budeia som har fått æra av å vere den fyrste som hadde fløyte i brunosten og slik skapte opphavet til G35 – Gudbrandsdalsosten som inneheld både kufløyte, geitemjølk og myse av kumjølk – ville nok kjent skilnad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement